• harr
  • Benedicte_Maurseth_Photo_by_Øystein_Haara

Hárr – Benedicte Maurseth

1. Augnast (3:19)
2. Heilo (7:32)
3. Reinsdyrbjøller (5:49)
mer…
4. Kollasj I (2:41)
5. Eidfyrder (4:16)
6. Hárr (3:51)
7. Hreinn (6:18)
8. Kollasj II (4:18)
9. Snø over Sysendalen (5:16)

BENEDICTE MAURSETH: hardingfele • MATS EILERTSEN: kontrabass, elektronikk • HÅKON STENE: vibrafon, perkusjon, elektronikk • Gjester: JØRGEN TRÆEN: elektronikk • ROLF-ERIK NYSTRØM: saksofon • STEIN URHEIM: langeleik, munnspel, elektronikk, samples, perkusjon • All musikk av Benedicte Maurseth, med unntak av “Augnast” av Benedicte Maurseth & Mats Eilertsen, “Reinsdyrbjøller” av Mats Eilertsen & Håkon Mørch Stene, og “kollasj I” & “Kollasj II” av Stein Urheim • Produsert av Jørgen Træen, Stein Urheim & Benedicte Maurseth

Ein hyllest til dyreliv og fjellfolk frå Benedicte Maurseths heimtrakter i Hardanger.

kr 179

Clear selection

Den anerkjende, nyskapande og visjonære folkemusikaren Benedicte Maurseth lanserer no det framifrå og altoppslukande albumet Hárr Hubro Records. Her blandar hennar særprega hardingfeleklang seg saumlaust saman med fugle– og reinsdyrlydar, og med dei meisterlege medmusikarane som legg sitt fingeravtrykk verket.  

More

“This is a beautiful shapeshifter of an album. Part a portrait of a landscape, part the opening of a veil on some family history, part nature walk in Norway. It’s satisfying and strangely elusive, all at the same time. The music follows winding paths of the imagination, mixing Maurseth’s Hardanger fiddle with subtly-placed electronics and other instruments to create a moving, inviting bed of sound. “Heilo,” for instance, the longest piece on the disc, presents an utterly different artist from her 2019 solo release. Or does it? The music certainly isn’t traditional by any means, but the nature, the history that goes back generations – what is that but tradition? No pyrotechnics here, no devil’s trills. It’s Maurseth, embracing the past and touching the ground that has formed who she is. The result is gently majestic.» – Chris Nickson (Rootsworld) 

Alltid drivande framover, men samstundes med ei symbiotisk ro, dreg dette albumet deg inn i ei verd som nærmast gjev deg kjensla av å vandre over vidda, og å vera i eitt med naturen. Benedicte Maurseth er oppvaksen på Maurset i Eidfjord, like ved nasjonalparken Hardangervidda, og har gått i fjella der heile sitt liv, noko som tydeleg legg grunnlaget for denne musikalske vandringa. 

Slåttar og musique concrète
Som folkemusikarar alltid har gjort, står også Maurseth open i si samtid, og hentar impulsar frå andre kunst- og musikkutrykk i samspel med andre. I verket og no også albumet Hárr vekslar det mellom norsk slåttemusikk, fri improvisert musikk, amerikansk minimalisme, og utstrekt bruk av musique concrète som eit berande element i komposisjonane, med lydar frå reinsdyr, fuglar, insekt, og tamreinsgjetarar frå Hardangervidda integrert i musikken.  

“Det skapande arbeid, og det å gå timevis i fjell, er for meg mykje likt. Båe deler krev og framkallar eit nærvær, og ei djup lytting som gjer sansane opne og klåre. Det er noko ein kan gjera åleine, eller dela med andre, i stillheit eller i samtale. Båe deler krev også tid, tolmod og gjentakande repetisjon, og gjev ein ei naudsynt påminning om noko anna, større enn oss sjølv.”  – Benedicte Maurseth 

Maurseth er mellom anna inspirert av økosofi, den miljøfilosofiske retninga utvikla Arne Næss, der menneska ikkje står over annan natur og dyreliv, men er del av eit økologisk system i gjensidig avhengigheit. Stykket med tittelen Heilo framvisar det å vera i samspel med naturen på beste vis, kor musikarane spelar med og vidare på rytmikken til den karakteristiske lyden frå fuglen med same namn. Kollasj I inneheld mellom anna intervju med Benedictes tippoldefar Franz Gustav Andersson Törna (Sæbø) frå Nord Sverige, og oldefar Leif Maurseth, som var veidemenn og tamreinsgjetarar, og på mange vis sumerar visjonen bak heile verket. 

Hárr er opphavleg eit tingingsverk av Benedicte Maurseth, arrangert og framført i samarbeid med blant andre Mats Eilertsen og Håkon Stene til Hardanger Musikkfest i 2019. Hárr er det norrøne namnet for Hårteigen, det mest særmerkte fjell på Hardangervidda, og fleire av titlane i verket har norrøne namn som Hreinn (reinsdyr) og Eidfyrder (Eidfjording). 

Benedicte Maurseth, hardingfelespelar, komponist og forfattar, er ein etablert og anerkjend utøvar. Ho har gått i lære hjå meisterspelemannen Knut Hamre gjennom fleire tiår, og har turnert i omfattande grad som solist i Norge og internasjonalt. Hennar samarbeid har vore med mange av dei fremste kunstnarar på tvers av sjangrar som Jon Fosse, Nils Økland, Marilyn Crispell, Rolf Lislevand, og Anne Marit Jacobsen. Maurseth har fleire tingingsverk bak seg mellom anna for teater, film, og fleire album. For verket Tidekverv uroppført i 2017 vart ho tildelt NOPAs musikkpris, og hennar spesialskrivne song «Very full» for Marvel Studio til TV-serien Loki, kom nyleg høgt på Billboard-lista. Maurseth har også spelt inn fleire album for Grappa Musikkforlag og ECM Records, og har skrive bøker, artiklar og essay. 

Benedicte Maurseth |Jørgen Træen |Mats Eilertsen |Rolf-Erik Nystrøm |Stein Urheim

Utgivelsesdato:

EAN : 7033662026456, 7033661036456

Katalognummer: HUBROCD2645

Priskategori : CD, LP