Vis handlekurv «Flukt» er lagt til handlekurven din.

Møya som drøymde – Lajla Renate Buer Storli

TRAD. etter blant andre Olav Sande, Ludvig Mathias Lindemann, Arne Bjørndal: Herr Ole · Agnete og Havmannen · Fyrespel · Storebror og Lillebror · Bia Bia lite bån / Syrgjespel · Springar etter Ola Rogdo · Målfrid mi Frue · Lærdølingen ·mer… Terningspelet · Rull etter Ola Håstabø · Møya som drøymde · Rull etter Hans Selland / Skutle · Der stander en jomfru · Inga Litimor

Lajla Renate Buer Storli, hardanger fiddle vocal · Kim André Rysstad · Stein Villa · Knut Hamre · Kirsten Bråten Berg

Kvedaren og musikaren Kirsten Bråten Berg har vore med på å forme balladane, og var også med som vokalprodusent under innspelinga i Agatunet. Ho deltek på nokre av spora. Folkemusikaren Stein Villa frå Gjøvik som spelar lyre, harpe, langeleik og andre mellomalderinstrument, har vore med på å setja tonar til songane og gjeve det eit tilnærma autentisk lydbilete.

Hardingfelespelaren Knut Hamre har vore delaktig på plata, og songaren Kim Andrè Rysstad syng saman med Lajla på nokre av spora på cd-en. John Ole Morken er produsent på innspelinga.

kr 139

Sjanger: Folk Music

Olav Sandes urørte balladar fra Hardanger og Voss vekt til live i ei ny og fri drakt av Lajla Renate Buer Storli

Riddargarden og Lagmannstova på Aga i Hardanger viser at mellomalderen var ei tid for vekst i fjorden. Bygningar og gjenstandar etter dette finnest fortsatt, og er noko av den eldste dokumentasjonen me har frå denne tida i Noreg. Det er ganske sikkert at balladane vart bruka i Hardanger, men kvar vart dei av?
Folkemusikkinnsamlarane Ludvig Mathias Lindemann og Jørgen Moe var berre nokre få innsamlingsturar til Hardanger, og ein finn lite vokal- materiale frå fjorden i samlingane deira.Olav Sande var lærar i Hardanger nokre år, og fekk med seg eit større knippe songar frå både Hardanger og Voss. Olav skreiv ned omlag 2000 songar frå Vestlandet og Sør-Noreg, og mesteparten av dei er lite kjende.

Då Lajla Renate byrja å jobbe med dette historiske materialet, såg ho at det ikkje var skrive ned meir enn nokre frå vers. Difor måtte ho leite seg fram etter den manglande teksten ved å hente ut vers frå liknande balladar som låg i balladearkivet.
Etter mykje arbeid og råd frå Kirsten Bråten Berg, sit ho att med eit repertoar på mellomalderballadar frå Hardanger og Voss som ingen brukar! Dette har vorte til cd-en «Møya som drøymde!»

Saman med John Ole Morken har ho også teke fram lite bruka hardingfeleslåttar frå samlingane etter Arne Bjørndal. I samarbeid med den kjende hardingfelespelaren Knut Hamre, har desse slåttane vorte vekt til live i ei ny og fri drakt!  Dette er små perler, som framtrer som små dikt imellom dei store balladetekstane.

More

Lajla seier om arbeidet med den nye plata; ” Nedteikningane etter Olav er som prydsaum for augo, og dette er ein skatt eg ynskjer å setje fram i ljoset. Ved å studere materiale frå desse samlingane, har eg fått sett meg meir inn i den eldre delen av folkesong og prøva å få den i samanheng med den enormt spanande og bortgøymde mellomalderhisoria, som ligg løynd i fjordlandskapet. Då me spela inn plata i den mellomalderske Lagmannstova i Hardanger, fekk eg ei heilt klar kjensle på at musikken var komen heim. Dette materialet har nok levd eit liv der saman med adelen, riddaren, munkane og bonden i fjorden.”

Folkemusikkinnsamlarane

Riddargarden og Lagmannstova på Aga i Hardanger viser at mellomalderen var ei tid for vekst i fjorden. Bygningar og gjenstandar etter dette finnest fortsatt, og er noko av den eldste dokumentasjonen me har frå denne tida i Noreg. Det er ganske sikkert at balladane vart bruka i Hardanger, men kvar vart dei av?
Folkemusikkinnsamlarane Ludvig Mathias Lindemann og Jørgen Moe var berre nokre få innsamlingsturar til Hardanger, og ein finn lite vokal- materiale frå fjorden i samlingane deira.Olav Sande var lærar i Hardanger nokre år, og fekk med seg eit større knippe songar frå både Hardanger og Voss. Olav skreiv ned omlag 2000 songar frå Vestlandet og Sør-Noreg, og mesteparten av dei er lite kjende. Desse samlingane er å finne på Nasjonalbiblioteket.

Vers fra balladearkivet

Då Lajla Renate byrja å jobbe med dette historiske materialet, såg ho at det ikkje var skrive ned meir enn nokre frå vers. Difor måtte ho leite seg fram etter den manglande teksten ved å hente ut vers frå liknande balladar som låg i balladearkivet.
Etter mykje arbeid og råd frå Kirsten Bråten Berg, sit ho att med eit repertoar på mellomalderballadar frå Hardanger og Voss som ingen brukar! Dette har vorte til cd-en «Møya som drøymde!»

Hardingfeleslåttar vekt til live i ei ny og fri drakt

Saman med John Ole Morken har ho også teke fram lite bruka hardingfeleslåttar frå samlingane etter Arne Bjørndal. I samarbeid med den kjende hardingfelespelaren Knut Hamre, har desse slåttane vorte vekt til live i ei ny og fri drakt!  Dette er små perler, som framtrer som små dikt imellom dei store balladetekstane.

John Ole Morken |Kim André Rysstad |Kirsten Bråten Berg |Knut Hamre |Lajla Renate Buer Storli |Stein Villa |Trad.

Utgivelsesdato: 28.06.2013

EAN : 7033662072781

Katalognummer: HCD7278

Priskategori : CD