Knut Buen og Sigmund Groven med tonesette dikt
Knut Buen og Sigmund Groven gav i 2020 ut albumet «The Sound of Telemark» som tok utgangspunkt i tradisjonelle og nyskrivne slåttar av Knut Buen, i utsøkt samspel mellom hardingfele og munnspel. Etter å ha spelt saman ved mange anledningar i fleire år var dette den fyrste gongen dei gav ut eit album saman. No kjem oppfølgjaren «Kjenslevev» som består av dikt av Knut Buen tonesett av Sigmund Groven og Buen sjølv. Til å framføre songane har dei fått med seg Aasmund Nordstoga og Anne Gravir Klykken, i tillegg til Kjetil Bjerkestrand på synthesizer.
Tekstene på albumet er skrivne utifrå Knut Buens personlege røynsler og livsminne, samt ålmennmenneskelege livsopplevingar, som Buen seier: «det ein har lært og opplevd samlar seg til ein livsvev ein kjenner meining i». I tillegg spring det ut av eit omfattande, fleirårig musikalsk samarbeid og nyskapande verksemd innom visediktning.
«Liv og lagnad vil vera ei skifting mellom lukke, glede, sorg og avskil. Jamvel under dei ljose sider i livet vil det ligge ein bott av vemod. Men det kan også gløda glimt av sol i dei gråaste motbørsdagar. Ein lever mellom ljos og skuggar.» – Knut Buen
Med bakgrunn i dette har tittelen «Kjenslevev» kome opp. Utgangspunktet til Buen og Groven, som nyskaparar av tekstar og melodiar, er oppvekst i telemarksbygder og slekt av bygdenorske handverkarar og folkekunstnarar, men også ei lang læretid i møte med gode førebilete innom folkemusikk og klassisk musikk, samling av kunnskap , tradisjon og røynsler som utøvande solistar på munnspel og hardingfele.