Sigrid Moldestad, den anerkjende norske artisten og låtskrivaren, tek eit djupt dykk inn i hjartet av sin kulturarv med sitt komande album “Breim”. Etter seks suksessfulle soloalbum som i hovudsak har vore skapt av eigne songar og tekstar, utforskar Moldestad no si rolle som tradisjonsmusikar og leverer eit personleg album som hentar inspirasjon frå røtene.
På dette albumet utforskar Moldestad den rike tradisjonsmusikken frå heimbygda Breim, der ho vaks opp. Albumet er ein hyllest til den tradisjonsrike slåttemusikken som vestlandsbygda er kjend for, komplett med autentiske tolkningar på fele, hardingfele og vokal. Med 26 spor tek Moldestad lyttaren med på ei reise gjennom generasjonar av musikalsk arv, med slåttar som har levd i hjartet av Breim.
I tillegg til musikken har Moldestad skapt ei følgebok som gjev eit inngåande innblikk i prosessen bak musikken. Boka inneheld personlige beretningar, dokumentarisk materiale om felespelarar og musikken, samt visuelle fortellingar frå heimbygda, fanga gjennom objektivet til fotograf Magnus Skrede.
Sigrid Moldestad har investert tid og mot i å utforske sin plass i denne tradisjonen, og resultatet er eit gripande og ærlig verk som feirar den kraftfulle musikken som har blomstra i Breim. Ho seier: “Dette er eit album det har teke tid å skape. Kanskje fordi rolla mi som tradisjonsutøvar er forbunde med stort ansvar, redsle for å gjere feil og ikkje minst respekt for korleis utøvarane før meg har virka, spelt og formidla. Det tek tid å finne sin plass i tradisjonen. Slik har det også teke tid for meg å våge å stå i alt dette med kun mi eiga stemme og tonar. Denne plata er ei samling slåttar eg er ekstra glad i, har funne fram til og forma ut frå min kunnskap og oppleving av tradisjonen sine særtrekk, rytmikk og tonalitet. Eg er takksam for alle dei som har spelt og sunge desse tonane før meg”