Regndråpeborna – Sigrid Moldestad

Bekken syng · Mauren (frå diktet Ynskje) · Grashoppa · Liten gut fortel · Kråketankar · Skjegget (Frå diktet i Vinden) · Om alle tre var like · Den fine fluga · Sutrelid · Regndråpeborna · Hjort er hjort · Snigla som sykla · Villarmomore… (Frå diktet Einsam blom)

Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad & Regndråpeorkesteret er ute med barneplate! Bruheim sine barnedikt får nytt liv på "Regndråpeborna"

 

kr 149

Sigrid Moldestad & Regndråpeorkesteret er ute med barneplate! Bruheim sine barnedikt får nytt liv på "Regndråpeborna"
More

Kanskje noko av det skumleste eg har gjort, seier Sigrid Moldestad om barneplata “Regndråpeborna”. Etter 6 soloalbum med eigne tekster og låtar, med tradisjonsmusikk og diverse tonesettingar, har ho no laga eit barnealbum med 13 nye songer. Alle basert på barnedikta etter diktaren Jan-Magnus Bruheim.

Musikarne i Regndråpeorkesteret; Sondre Meisfjord,  Jørgen Sandvik og Kåre Opheim skulle vere kjend i mange kretsar og spelar i fleire ulike genre. Når dei no har leika seg saman i Duper studio i Bergen med Yngve Leidulv Sætre (produsent)  og Iver Sandøy (lyd/miks) er resultatet nettopp det; – ein musikalsk genreleik med dikt som ofte talar like mykje til voksne som barn.

– Det har vore veldig befriande å skrive desse songane. Eg har heile tida hatt fokus på at eg ville forsøke å skrive så bra musikk som mogleg til disse fine dikta og historiene. Dei inviterar til det. Bruheim si verd er full av leik, fantasi og empati. Musikalsk har det vore befriande å kunne dra litt på og leike med ekstra store penslar”, seier Moldestad, og fortsetter:

– Det er kanskje det som skiller dette frå det eg har gjort før. Det har vore ekstra fint å ta fram dei sidene for alle oss som er med.

Prosjektet startet som konserten “Regndråpeborna og andre dyr”, en bestillingskonsert under Førdefestivalen 2022 i samarbeid med Falturiltu og Vossajazz.

Diktaren Jan-Magnus Bruheim (1914-1988) har mange eit kjært forhold til. Hele livet skreiv han parallelt for både barn og voksne. Den første barnediktboka kom ut i 1956,  den siste i 1986, to år før han døydde.  No kjem 13 av desse dikta for fyrste gong som songer.

Moldestad er slett ikke ukjend med Bruheim. I samband med 100 års-jubileumet for diktaren i 2014, skreiv ho musikk til en rekke vakre kjærleiksdikt med albumet “Brevet til kjærleiken”.  Det fikk strålande kritikker og vart kåra til “årets album” i NRK´s Norsk på Norsk.

– Det var egentlig då eg jobba med denne at eg oppdaga alle dei fine barnedikta hans,  og eg har vel tenkt på dei sidan. At dei burde få sitt eige prosjekt ein dag. Vi gler oss til å spille konserter for store og små rundt omkring i det ganske land, sier Moldestad.

Først ut er plateslippkonsert på Vossajazz Laurdag 1. April.

Sigrid Moldestad er frå Breim i Nordfjord, men bur i Bergen. Ho har gitt ut 6 soloalbum. Det siste, “Tonen i meg” kom i 2021. “Et strålende album” skrev Puls, Arild Rønsen. “Jeg finner ingenting å sette fingeren på”.  Skriv tekster og musikk i tillegg til sitt arbeid med tradisjonsmusikk. Har 2 Spellemannspriser bak seg, ( 2005 og 2007) og turnerar stadig med eige band i ulike og andre samarbeidskonstellasjoner. Er utdanna folkemusiker og spelar fele og hardingfele i tillegg til å synge. Kåra til Årets Folkemusiker i 2010 og har mottatt en rekke andre priser. Særlig kjent for sanger som Så tag mitt hjerte, Eg vil vere her og Vise til Far. Er for tida aktuell som skuespiller på Det Vestnorske Teater i forestillingen “Heimatt”, som går tom 29.03.

Sondre Meisfjord: Bassist frå Frei på Nordmøre. Jazzmusiker utdanna ved jazzlinja i Trondheim. Kjend frå fleire sentrale grupper og prosjekt som Come Shine, Gjermund Larsen Trio, Erlend Viken Trio, Kari Bremnes band m.fl

Kåre Opheim: trommer. Frå Voss og kjend frå fleire band; Real Ones, Karl Seglem Band, Sigrid Moldestad m.fl

Jørgen Sandvik: Gitarist frå Bergen, busett på Stord. Spelar mange ulike strengeinstrument i tillegg til å synge. Fekk Spellemannsprisen 2018 for si soloplate i klassen for Blues. Kjend frå band som Real Ones, Sigrid Moldestad band, ulike samarbeidsprosjekt.

Tekster av Jan-Magnus Bruheim (1914 -1988)

Musikk av Sigrid Moldestad

Produsert: Yngve L. Sætre

Lyd/Miks: Iver Sandøy og Yngve L. Sæthre

Mastering: Iver Sandøy

Release date:

EAN : 7033662074075

Cat.No.: HCD7407

Priskategori : CD