Sigrid Moldestad

Songaren, felespelaren, låtsnikkaren og historieforteljaren Sigrid Moldestad er utdanna ved Ole Bull Akademiet på Voss og er kvalifisert som A-Klassing på vanleg fele. Dei musikalske røtene hennar sit djupt i spelemannsmiljøet i Nordfjord, og ho hentar mykje inspirasjon til både tekstar og låtar frå denne levande kulturregionen. Seinare vart vi kjent med henne gjennom gruppene Spindel og Gamaltnymalt, og sistnemnde fekk Spellemannprisen i 2005. Dei siste åra har ho markert seg med utgivelsene TAUS (2007), Sandkorn (2010) og Himlen har…

Sorter etter:

Songaren, felespelaren, låtsnikkaren og historieforteljaren Sigrid Moldestad er utdanna ved Ole Bull Akademiet på Voss og er kvalifisert som A-Klassing på vanleg fele. Dei musikalske røtene hennar sit djupt i spelemannsmiljøet i Nordfjord, og ho hentar mykje inspirasjon til både tekstar og låtar frå denne levande kulturregionen. Seinare vart vi kjent med henne gjennom gruppene Spindel og Gamaltnymalt, og sistnemnde fekk Spellemannprisen i 2005. Dei siste åra har ho markert seg med utgivelsene TAUS (2007), Sandkorn (2010) og Himlen har sove bort mørkret (2012) som soloartist.

Sigrid har eit kraftfullt bogedrag som vært akkompagnert av ei særeiga røyst. Ho maktar gong på gong å røre ved heile kjensleregisteret til lyttaren, og musikken og tekstane hennar manar fram både hjarteskjerande sorg så vel som stormande glede og melankoli. Varsamt vert vi omfamna av musikk som utfordrar oss som lyttarar fordi tekstane er så innhaldsrike, og som samstundes taktfast leier oss gjennom eit musikkunivers som etter kvart har fått eit tydleg Moldestad-preg. Når ein fyrst har teke til å lytte til denne musikken stoppar ein aldri.