Vis handlekurv «Hildo» er lagt til handlekurven din.
  • HCD7315.jpg
  • Unni_foto_IngvildSkeieLjones.jpg
  • HCD7315_inlay_web.jpg

Unni Løvlid: Hymn – Unni Løvlid

LARS PETTER HAGEN, TRAD. : Kvilesteinen (The resting-stone)/Hymn · TRAD. : Jeg lagde meg så silde (Late one night I lay asleep) · Den fyrste tanken (The first thought) · Hikari furu Oto /Sommarkveld (Summer evening) · Lova lova line ved Fujimer… (Lova lova line at the foot of Mt Fuji) · Jeg går i tusind tanker (I wander in a thousand thoughts) · Kråkevisa (The crow song) · Den svalande vind (The cooling breeze) · Ein forkommen dag (A weary day) · UNNI LØVLID: Vind, kom (Wind, come)

Unni Løvlid, vocals · Håkon Thelin, double bass · Remi Miura, sho · Kaizan Harago, shakuhachi

Dei smeltar saman moderne og tradisjonell musikk frå Japan og Noreg og har leita seg frem til eit nytt uttrykk og en ny musikk.

kr 139

Unni Løvlids femte album

Folkesanger Unni Løvlids utrettelege musikalske søken bring ho denne gong til Japan. Saman med den norske samtidsbassisten Håkon Thelin, og japanske Remi Miura og Kaizan Harago har ho tatt eit steg vidare frå albumet LUX som kom i 2013 og fekk strålande kritikker. Folkemusikken  er den stille og glødande kjerna i Unni sitt prosjekt, og denne gangen kombinerer ho den med den japanske Gagaku tradisjonen, og samtidsmusikk, og gjev stort rom for dei ulike musikeranes særpreg og personlegdom. Dei smeltar saman moderne og tradisjonell musikk frå Japan og Noreg og har leita seg frem til eit nytt uttrykk og en ny musikk. "Musikk kan ta deg til stader du aldri hadde trodd du ville reise.» seier. Unni. "Plutseleg har du gjort ein musikalsk reise frå Hornindal i Norge til Tokyo – ikkje fordi du ønska å forlate noko, men fordi det er der du finn akkurat det du treng akkurat no for å gjere musikken du treng å gjere». Musikerane har tatt eksisterande komposisjoner, som Lars Petter Hagens "Hymn", og kombinert deinmed folketonen "Kvilesteinen". Tekstar av Jon Fosse og Olav H. Hauge er sett til gamle tonar. "Hikari furu Oto", ein gagaku-komposisjon av Hideki Togi har blitt smelta saman med ord frå Olina Nygård frå Honindal og ein folketone frå Sykkylven. Unni har henta inn tradisjonelle folkeviser som  «Den svalande vind", "Jeg lagde meg så silde" og "Jeg går i tusind tanker» og demonstrer korleis det kjente og tradisjonelle endrar karakter når blir sett i ein ny kontekst. Unni har arbeida med dette prosjektet siden 2014 og ein viktig inspirasjonskjelde har vore dei norske eksponentane for Japonisme i billedkunsten – som Frida Hansen og Nikolai Astrup.

CD´en kjem med eit rikt illustrert og informativt teksthefte.

More

Tre år har gått sidan Unni Løvland forrige utgjeving, der me møtte henne i samspel med den spellemannvinnande samtids-bassisten Håkon Thelin (Poing, Oslo Sinfonietta, Ensemble Modern), og glas-duoen Draup. «Hymn» er på fleire måtar ein naturleg vidareføring av prosjektet Unni starta med «Lux»; fortsatt plasser ho folketonar og tradisjonsmusikk inn nye rammer og settingar, men skilnadene frå forrige album er også mange.

Japonismen

I det omfattande tekstheftet som følgjer utgjevinga gjengis kunst av dei norske art noveau-kunstnarane Frida Hansen, Nikolai Astrup, Gerhard Munthe, Andreas Schneider og Oda Krogh. Desse lot seg i siste halvdel av 1800-tallet bli inspirert av Japansk kunst og japonismen. «Likeverdstanken i den japanske kunsten harmonerte med ein av de viktigaste idéane innan art nouveau-stilen om at alle kunstartane skulle spele saman og danne det totale kunstverk. Denne haldninga til kunsten og musikken inspirera meg.» skriv Unni i den innleiande teksten i CD-heftet.

Musikerarane har tatt tak i eksisterande komposisjonar; som Lars Petter Hagens "Hymn", og kombinert den med folkemelodien "Kvilesteinen". "Hikari furu Oto", ein komposisjon av gagaku komponisten Hideki Togi har blitt smelta saman med ord frå Olina Nygård frå Hornindal og ein folketone frå Sykkylven. Unni har også henta inn i prosjektet fleire av dei kjende folkevisene som «Den svalande vind», «Jeg lagde meg så silde» og «Jeg går i tusind tanker», men også Lars Petter Hagens komposisjon «Hymn», og Unnis eigen komposisjon «Vind, kom», som først vart utgjeven på Unnis elektroniske album «Rite». «Magnushymnen», det eldste bevarte fleirstemte norske musikkstykket, dannar nytt tonefølge til Jon Fosses dikt «Ein forkommen dag (A weary day)».

Unni og medmusikarane visar oss korleis det kjende og tradisjonelle endrar karakter når det blir sett i ein ny kontekst.

Om Unni Løvlid:

Songaren Unni Løvlid er ein av våre mest profilerte utøvarar innen folkemusikken, men ho har heilt sidan ho var student også arbeidd med samtidsmusikk. Ho har framført verk av Arne Nordheim, Ørjan Matre og Maja Ratkje, og gjort konsert-samarbeid med bl.a. støy-duoen Fe-Mail. På eksamenskonserten hennar ved Noregs Musikkhøgskule framførde ho Schønbergs «Pierrot Lunaire» frå 1912. Hymn er Unnis femte album-utgjeving.

Håkon Thelin |Kaizan Harago |Lars Petter Hagen |Remi Miura |Trad. |Unni Løvlid

Utgivelsesdato: 25.11.2016

EAN : 7033662073153

Katalognummer: HCD7315

Priskategori : CD