Vis handlekurv «Dragning mot sinnets dyp» er lagt til handlekurven din.
  • HCD7329.jpg
  • HCD7329-Pressefoto_Tidekverv_farge_Photo_Paal_Audestad.jpg
  • Pressefoto_Tidekverv_farge_Photo_Paal_Audestad.jpg

Tidekverv

BENEDICTE MAURSETH: Tidekverv ll · Vårjamdøgn · Sommarsolkverv-gangar · Tidekverv l · Den 5. Gorrlause · BENEDICTE MAURSETH, BERIT OPHEIM: Vinter · Vår · Sommar ·mer… Haust

Benedicte Maurseth, Hardanger fiddle, vocals · Berit Opheim, vocal · Rolf Lislevand, lute, electric guitar, electric bass · Håkon Stene, vibraphone, percussion, electronics

Berit Opheim og Benedicte Maurseth – to av Noregs mest framfirå folkemusikarar – står bak det særmerkte verket.

kr 139

Sjanger: Folk Music

Solsnu.

Fire dagar i året finst det særskild viktige merkedagar for sola: vårjamdøgn, sommarsolkverv, haustjamdøgn og vintersolkverv. Ved sommar- og vintersolkverv «snur sola», og ved vår- og haustjamdøgn er dag og natt like lang. Verket «Tidekverv» inneheld ny vokal- og instrumental folkemusikk komponert og tileigna dei fire merkedagane for sola.

To av Noregs fremste folkemusikarar står bak det særmerkte verket. Berit Opheim er ei av våre fremste kvedarar, og ho har dei siste åra opptrådt på scenar i Noreg, Europa og Asia som medlem av Trio Mediæval og som solist. Ho arbeidar både med samtidsmusikk og tidlegmusikk. Siden 1992 har ho vore tilknytt Ole Bull Akademiet på Voss. Benedicte Maurseth begynte å spele hardingfele åtte år gamal hos Knut Hamre, og har tradisjonsmusikk fra Hardanger som sitt spesialfelt. Ho er også komponist og skribent, og har samarbeida med poetar og scenekunstnarar og har fleire utgjevingar bak seg på Heilo og ECM.

Verket er inspirert av Draumkvedets diktform, men også som eit slags musikalsk ritual då balladen hovudsakeleg vert framført 13. dag jol kvart
år. Ynskje til dei to komponistane var å hylla ei eldre diktform, den nordiske balladeforma, med ny folkemusikk, og framføra det hovudsakeleg i periodane for jamdøgn og solkverv. Det melodiske materialet er laga av dei to, men er blitt forma og arrangert ut med stor hjelp og entusiasme frå med-musikarar Rolf Lislevand og Håkon Mørch Stene.
Lislevand er for mange ein kjend tidlegmusikkutøvar og luttenist. Han har medverka i fleire av Jordi Saval sine prosjekt og drive sitt eige Ensemble Kapsberger. Han har også to egne utgjevingar på platemerket ECM bak seg.
Mørch Stene er prisbelønna perkusjonist og har spesialisert seg på samtidsmusikk og tidegmusikk, men har også samarbeidd med mellom anna folkemusiker Nils Økland og elektronikaartisten Pantha de Prince & the Bell Laboratory.

Verket er komponert ut frå folkemusikkens tradisjonelle stil, tonalitet og form, men ber også preg av impulsar fra barokk-, samtids- og improvisasjonsmusikk.

More

Fire dagar i året finst det særskild viktige merkedagar for sola: vårjamdøgn, sommarsolkverv, haustjamdøgn og vintersolkverv. Ved sommar- og vintersolkverv «snur sola», og ved vår- og haustjamdøgn er dag og natt like lang. Verket «Tidekverv» inneheld ny vokal- og instrumental folkemusikk komponert og tileigna dei fire merkedagane for sola.

Eit musikalsk ritual

Verket Tidekverv er inspirert av «Draumkvedet» som diktform, men også som eit slags musikalsk ritual då balladen hovudsakeleg vert framført 13. dag jol kvart år. Ynskje til dei to komponistane var å hylla ei eldre diktform, den nordiske balladeforma, med ny folkemusikk, og framføra verket hovudsakeleg i periodane for jamdøgn og solkverv. Det melodiske materialet er laga av Opheim og Maurseth, men er blitt forma og arrangert ut med stor hjelp og entusiasme frå med-musikarar Rolf Lislevand og Håkon Mørch Stene.

Lislevand er for mange ein kjend luttenist og utøvar av tidlegmusikk. Han har medverka i fleire av Jordi Saval sine prosjekt, og drive sitt eige Ensemble Kapsberger. Han har også to egne utgjevingar på platemerket ECM bak seg.

Mørch Stene er som perkusjonist lønt med mange prisar og har spesialisert seg på samtidsmusikk og tidegmusikk, men har også samarbeidd med mellom andre folkemusikar Nils Økland og elektronikaartisten Pantha de Prince & the Bell Laboratory.

Gamal form, nye ord

Verket er komponert ut frå folkemusikkens tradisjonelle stil, tonalitet og form, men ber også preg av impulsar fra barokk-, samtids- og improvisasjonsmusikk.

Tekstane er skrivne i to-linjestrofa og fire-linjestrofa balladeform med omkved. «Det er i dag sjeldan at nokon diktar nye tekstar i denne forma og me er svært takksame for at forfattarane Bergsveinn Birgisson og Erlend O. Nødtvedt tok på seg denne oppgåva,» skriv Opheim og Maurseth i omslagsteksten. Islendingen Bergsveinn Birgisson er doktor i norrønfilologi ved universitet i Bergen, og har for sine diktsamlingar og romanar blitt nominert til ei rekkje prisar: Brageprisen, Nordisk Råds Litteraturpris med fleire. Erlend O. Nødtvedt vart i 2015 kåra til ein av Noregs ti beste forfattarar under 35 år av Morgenbladet og har utgjeve tre diktsamlingar og ein roman. Dei to har til felles at dei i deira dikting har fylt gamle versemål og arkaisk språk med nytt innhald.

Tidekverv

Tidekverv vart urframført vårjamdøgn 20. mars 2017 i Gamle Aker kirke under Oslo Internasjonale kirkemusikkfestival, og er blitt framført fleire gonger rundt merkedagane i tida etter.

Albumet er spelt inn i den rike akustikken i Jar Kirke i Oslo, med Håkon Mørch Stene som produsent.

Konsertar 2018:

7. september: Aasentunet, Ørsta.
8. september: Ny Musikk Bergen / Columbi Egg, som del av konsertserien «VRENG»
9. september: Ulvik Poesifestival
30. september: Festival Musica Devina, Belgia

Benedicte Maurseth |Berit Opheim |Håkon Stene |Rolf Lislevand

Utgivelsesdato: 07.09.2018

EAN : 7033662073290

Katalognummer: HCD7329

Priskategori : CD