• HCD7313.jpg
  • OddeHolmen07.jpg
  • OddeHolmen09.jpg
  • OddeHolmen10.jpg

Sumarmorgon – Odde & Holmen

BJØRN KÅRE ODDE: Aslak & Astrid · EIVIND GROVEN: Sumarmorgon · Halling-Jorån · Springar frå Symfoniske slåttar · Regnbogen · JØRN HILME: Jørnrengja · Hilme · TRAD. : Gamle-Guro · Vårflaumen · Grihamaren · Snortheimen ·mer… Prillar-Guri / Danse lauskar · Valbjørgslykkjin · Intermezzo: Daggry

Odde & Holmen: Bjørn Kåre Odde, Fele · Sivert Holmen, Hardangerfele

Gudbrandsdalen møter Valdres. Vanleg fele og hardingfele inngår partnarskap i duoen Odde & Holmen.

kr 139

Odde & Holmen – Sumarmorgon

Odde & Holmen har kjent hverandre siden tenårene, og begynte å spille sammen da de begge studerte på Norges Musikkhøgskole. Etter noe prøving og feiling med spillestil og den litt uvanlige kombinasjonen av vanlig fele og hardingfele, fant de sitt eget uttrykk og lydbilde som de utviklet videre. Albumet inneholder et variert utvalg av repertoar de har hatt siden de begynte å spille sammen. Gode soloslåtter fra Valdres og Ottadalen tar sin naturlige plass i en ny innpakning. ”Intermezzo: Daggry”, en improvisasjon, kommer som et brudd og en overgang til et annet musikalsk landskap på platen, nemlig komposisjoner av Eivind Groven (1901-1977).
Det er ikke lange veien over Valdresfløya, den mektige og værutsatte fjellovergangen som skiller Ottadalen og Valdres. Den korte avstanden vitner lite om at man snakker om to veldig forskjellige tradisjonsuttrykk – Ottadalen med det vemodige og varme felespillet, og Valdres med de djerve og saftige hardingfeleslåttene. Det var derfor ikke selvsagt at Bjørn Kåre Odde fra Garmo og Sivert Holmen fra Aurdal skulle bli duoen Odde & Holmen – men her er deres første plate: ”Sumarmorgon”

Les mer

Gudbrandsdalen møter Valdres. Vanleg fele og hardingfele inngår partnarskap i duoen Odde & Holmen.

Debutalbum

Repertoaret deira på "Sumarmorgon" er i hovudsak basert på ein smakfull kombinasjon av dei ulike tradisjonsuttrykka dei representerer. Gode soloslåttar frå Valdres og Ottadalen tek sin naturlege plass i ein ny innpakning.
– Denne plata inneheld eit variert utval av repertoar me har nytta sidan me byrja å spela saman, og me håpar at samspelet vårt tilfører dei noko nytt og interessant. – Odde & Holmen

Det duoen kanskje har fått mest merksemd for det siste året er at dei har tatt i bruk musikk av komponist og spelemann Eivind Groven (1901 – 1977). Verdt å nemne er "Regnbogen" og "Springar frå Symfoniske Slåttar" for to hardingfeler – frykta for sin kompleksitet og elska for dei spesielle klangane og harmoniane som Groven er så kjent for.

Årets unge folkemusikarar

Bjørn Kåre og Sivert har kvar for seg utmerka seg som sterke soliastar i folkemusikkmiljøet, både på kappleikar og på konsertscener på forskjellige arenaer. Sivert har mellom anna ved fleire høve vore solist med koret Ad Cantus, både på vanleg fele og hardinfele. Men spesielt har han utmerka seg som ein sterk utøvar av hardingfeletradisjonen frå Valdres. Bjørn Kåre har markert seg som ein svært allsidig musikar. I 2013 vann han Toneprisen, og året etter spelte han "spelemannen" i musikalen "Spelemann på taket" på Det Norske Teatret. Sidan den gong har han livnært seg som musikar, ofte som solist ved forskjellige høve, men og som musikar i kjente grupper som Majorstuen og Lendmenn.
Under Folkelarm 2015 vart Odde & Holmen kåra til årets unge folkemusikarar.

Anne Hytta |Bjørn Kåre Odde |Eivind Groven |Jørn Hilme |Odde & Holmen |Trad.

Utgivelsesdato:

EAN : 7033662073139

Katalognummer: HCD7313

Priskategori : CD