Dvergmål er etter 8 år tilbake med ny utgjeving.
Inspirert av Elias Blix
Song i himmelsalar er bygd kring diktinga til Elias Blix (1836-1902). Då Hallgrim Berg ved Den Norske Folkemusikkveka tinga ein konsert med Blix sine songar og salmar i 2002, tok Dvergmål oppfordringa. Dei hadde alt på 90-talet arbeidd med Blix, og under lauvsprettinga på Ål i 2002 såg Blixkonserten dagsljoset. Det er i hovudsak tilfanget Dvergmål framførde den gongen som no er innspelt.
Nynorsk salmeskald
Fiskarsonen Elias Blix frå Gildeskål i Nordland var Noregs fyrste store nynorske salmeskald, i tillegg til å vera professor i hebraisk på Universitetet i Oslo og kyrkjestatsråd. Songane og salmene til Blix blei fyrst møtt med spått og hån, fordi mange syntes at skaparverket ikkje kunne lovprisast på slikt eit språk. Fyrste gongen ein Blix-salme blei bruka i den norske kyrkja var under joledagsmessa i Lårdal i Telemark i 1884. Det var eit lovbrot, men etterkvart blei salmane godkjende til kyrkjebruk, og endå viktigare: særs omtykte blant lek og lærd. Snart slo salmar som “No livnar det i lundar”, “Barndomsminne frå Nordland” og “No koma Guds englar” seg fast i songminnet til mang ein nordmann.
Medvirkande
Medlemmene i Dvergmål er: Jon Anders Halvorsen (song og harmonium, frå Lunde i Telemark, busett i Oslo), Marit Mattisgard (song og langeleik, frå Valdres), Øyonn Groven Myhren (song, lyre og seljefløyte, frå Oslo), Turid Spildo (song og hardingfele, frå Granvin i Hardanger, busett i Reykjavik).
Song i himmelsalar er spelt inn i Ris Kirke i Oslo. Produsent er Leiv Solberg og teknikar er Tor Magne Hallibakken.