Vis handlekurv «Live in Telemark» er lagt til handlekurven din.

Slåttesong

Hallingen (Erlend Apneseth) · Bånsull (E. Knut Knutsen Grønna, Nes) · Min Gud jeg prise vil med flid (Salme e. Tor K. Villand, Hol) · Flatabøen (E. Knut Hamre) · Valdrisen (Erlend Apneseth) · Den som rulla ette golvé (Hallingspringar emer…. Levor Lå, Ål) · Krist give jeg var der (Ridderballade e. Sander Røo, Hol) · St. Thomasklokkene (E. Sigurd Eldegard) · Sumbrei’n (E. Egil Syversbråten) · Gro Gudmundsrud (Hallingspringar e. Ola Perstølen, Ål) · Hyrdevisa (E. Lars Bergo, Ål) · Sviv (Erlend Apneseth) · Luraasen 1 (E. Kjetil Løndal) · Kveldssang (E. Anne Gaptjern, Flå)


Margit Myhr: vocals Erlend Apneseth: Hardanger fiddle

Folkemusikarane Margit Myhr og Erlend Apneseth set fokus på den solistiske utøvartradisjonen for kveding og hardingfele med utgjevinga Slåttesong.

kr 139

Folkemusikarane Margit Myhr og Erlend Apneseth set fokus på den solistiske utøvartradisjonen for kveding og hardingfele med utgjevinga Slåttesong.

Erlend Apneseth (hardingfele) og Margit Myhr (vokal) er begge prislønte A-klasse-utøvarar, med ei solid forankring i tradisjonsmusikken. Apneseth er ein musikar som stadig kryssar grenser og sjangre, noko som har gjort han ettertrakta i fleire ulike musikalske miljø og samarbeid. Myhr arbeider som skodespelar, dansar og songar, og er ein av våre fremste formidlarar av scenisk folkekunst. Dette er to utøvarar som stadig søker nye uttrykk, men med denne utgjevinga vender dei tilbake til det tradisjonelle soloformatet med eit utval av personlege favorittar.

More

 

Det vokale repertoaret på plata er henta frå boka «Folkesong i Hallingdal» (Gunnlaug Lien Myhr, 2015). Den inneheldt alt av innsamla vokalmateriale frå regionen, henta frå notasjonar og ulike arkiv, og mange av desse har ikkje vore lydfesta på ei plateutgjeving før. Apneseth har bakgrunn i tradisjonen frå Sunnfjord og Sogn, men har dei siste åra fordjupa seg i speltradisjonen frå Hallingdal der han bur, og hardingfelerepertoaret på plata består såleis av slåttar frå både Hallingdal og Vestlandet, i tillegg til eigenkomponerte slåttar.

Utgivelsesdato: 21.05.2021

EAN : 7033662073726

Katalognummer: HCD7372

Priskategori : CD