Vis handlekurv «Kimer I klokker – julefolketoner fra Nordland» er lagt til handlekurven din.

Norske turdansar 5 – Turdansar frå Trøndelag – Einar Olav Larsen

TRAD. : Tridans frå Meråker (A) · Ril frå Selbu · Firetur frå Namdalen (A) · Flaks frå Verdal · Stakkars Per · Tridans frå Meråker (B) · Hopser med vals · Firetur frå Namdalen (B) · Seierstadhopsa (B) · Rilsett · Sekstur fråmer… Namdalen (A) · Seierstadhopsa (A) · Flaks frå Meråker · Figaro frå Namdalen · Skåningen · Sekstur frå Namdalen (B) · Fandango · Klappdans frå Henning · Honnfeiv · Hopser frå Ogndalen · Tillegg til Hopser frå Ogndalen · Ril frå Oppdal

Einar Olav Larsen · Vegar Vårdal · Hilde Sørnæs · Geir Egil Larsen · Einar Larsen Trio

Turdansar frå Trøndelag!

kr 139

Siste utgjeving i serien Norske turdansar

I 1991 fullførde Noregs Ungdomslag sitt store revisjonsarbeid av Klara Semb sine bøker om norsk folkedans. Denne plata er den femte og siste i ein serie med norsk turdansmusikk som er bygd både på dette arbeidet, på tilgjengeleg kjeldemateriale og på nyare forsking elles. På same måten som under revisjonen av dansane har vi gått direkte attende til kjeldene og det dei kan seie oss. Musikken er samla geografisk med utøvarar som har tilknyting til desse tradisjonane. Målsettinga er å gje folkedanslaga musikk til turdansane så nær tradisjonen som praktisk mogleg. Anten dei vil bruke innspelingane direkte til dans, som mal for å lære typiske stiltrekk betre å kjenne, eller berre å lytte til. Serien dekker no heile landet og musikken til alle turdansane i bøkene “Norske folkedansar, turdansar” (NF-tu) av Klara Semb og “Danse, danse lett ut på foten” (DDL) av Egil Bakka. Innspelingane er meint som rein bruksmusikk og som eit bilete på korleis denne musikken vart spelt, både i stil, rytme og tempo.

Desse platene er med i serien Norske Turdansar:
1. Kontradansar frå Austlandet
2. Turdansar frå Agder og Nord-Noreg
3. Turdansar frå Vestlandet
4. Turdansar frå Austlandet (dobbeltalbum)
5. Turdansar frå Trøndelag

More

Komplett turdansserie! I desse dagar blir den femte og siste plata i serien Norske turdansar gitt ut.
– Denne serien vil vere eit viktig bidrag til at musikken og dansen lever vidare som lokal og nasjonal kulturarv, fortel Synnøve Jørgensen, folkedansrådgjevar i Noregs Ungdomslag.

Turdansen

Turdans er eit samleomgrep som femnar om mange dansetypar som kjem frå mange danseslekter. Eit fellestrekk er at dei ofte er bygd opp av delar som kjem i ei fast rekkefølgje. Desse delane har ofte fast lengd og blir kalla turar. Ril, pardansar og dei fleste andre turdansar har levd i folkelege miljø og vore lite påverka av danseskulane. I Noreg er det framfor alt Klara Semb som har arbeidd for turdansen. Tidleg på 1900-talet reiste ho land og strand for å skrive ned det spelemenn og dansarar framleis hugsa. Noregs Ungdomslag vidarefører med denne utgjevinga hennar store livsprosjekt.
– Då Noregs Ungdomslag reviderte rettleiingsbøkene til Klara Semb, har vi også i arbeidet med musikken gått tilbake til kjelda og den lokale tradisjonen, fortel produsent og musikar Vegar Vårdal. Musikken er samla geografisk med utøvarar som har tilknyting til tradisjonen. Musikarar på siste CD-en er Einar Olav Larsen, Vegar Vårdal og fleire.

Om musikarane

Einar Olav frå Verdal er hovudutøvaren på plata. Han kjem frå ein sterk folkemusikkfamilie der både faren Geir Egil og broren Gjermund er profesjonelle folkemusikarar. Han er utdanna ved bl.a. Ole Bull Akademiet på Voss og er i dag ein mykje brukt og allsidig folkemusikar som også har spelt mykje til dans. Einar Olav har tatt opp arven etter den kjende spelemannen Hilmar Alexandersen frå Steinkjer. Han har sin eigen trio og er m.a. med i P.A. Røstads orkester.
Vegar er folkemusikar og dansepedagog av yrke og er utdanna ved Norges Musikkhøgskole. Han har lang røynsle i å spele til dans, har bak seg ei rekkje plateinnspelingar, program på radio og fjernsyn, konsertar og turnear. Vegar er og mykje brukt som instruktør på kurs i spel og dans. Han har vore med på alle platene i denne serien, både som produsent og musikar.

Audun Larsen |Brit Flatås |Dag Ståle Larsen |Einar Olav Larsen |Eivind André Flatås Østnes |Ellev Kristoffer Flatås Østnes |Geir Egil Larsen |Hilde Sørnæs |Ingrid Hojem |Ingrid Sten |Ingvild Larsen |Jenny Hofstad |Peter Sigurd Snekkvik Tromsdal |Sofie Larsen |Torfinn Hofstad |Trad. |Vegar Vårdal

Utgivelsesdato:

EAN : 7033662072668

Katalognummer: HCD7266

Priskategori : CD

Link til booklet : nedlasting