• Forside-album
  • 119788328_4494134603961624_8244511688637534692_n
  • 119710504_4494134153961669_657142891870005131_n
  • 119841076_4494134177295000_1500652373284159829_n-2

HAUGTUSSA – forteljing i songar (3CD) – Øyonn Groven Myhren

HAUGTUSSA i kvedardrakt

kr 399

Øyonn Groven Myhren slepp ei mektig musikalsk tolkning av Arne Garborgs (1851–1924) fengslande diktforteljing Haugtussa (1895). Med ei imponerande samling på 34 nummer spreidd over tre CD-ar, er dette den mest omfattande songsyklusen skapt over Garborgs rike forteljing om ungjenta Veslemøy, eller Haugtussa som ho vert kalla. I eit variert kvedaruttrykk, nennsamt orkestrert med folkemusikkinstrument, melodisk slagverk og perkusjon, gir Øyonn liv til soga.

More

«Då Folkemusikkveka på Ål i Hallingdal i 2019 tinga ny musikk til Haugtussa, visste eg med ein gong at eg ville kvede forteljinga, for Garborg nyttar sjølv ord som kvad og song om verket sitt», seier Øyonn Groven Myhren. «Eg tenkte først å kvede forteljinga utan instrumentfølgje, men ettersom arbeidet voks, ville eg ha innslag av seljefløyte, klimpring, felespel og slagverk. For i Garborgs tekst finst både fløyte, harpelåt, langeleik, stillare strengir, fele-ljom, springar, sylvklokke-kling, bjøllur, ringlig, bummel, bammel, gryte og kjel som læt ein lått, som ingen visste, og meir til. Eg var heldig å få ja frå musikarane Rasmus Kjorstad og Tomas Nilsson, og då hadde eg alt dette å boltre meg i.» 

I Haugtussa følgjer vi tenåringsjenta Veslemøy som er synsk og kan sjå både huldrefolk, troll, hekser og dei som er døde. Vi møter henne heime på garden og som gjetarjente i fjellet der ho blir kjærast med Jon. Då Jon svik henne, tar sorg og nedbrytande krefter overhand. På motsett side står Veslemøys døde søster som ei klok og varm rettleiar. Vi følgjer Veslemøys kamp i striden mellom lys og mørker, og til slutt syner «visdoms volve» seg.

Skiftinga mellom årstidene spelar ei viktig rolle i forteljinga, og utgjevinga er delt inn i tre årstidsbolkar: Vol. 1: vinter, Vol. 2: vår og sumar, og Vol. 3: haust og vinter. Vol. 1 kjem ut digitalt samstundes med den fysiske utgåva, medan digitale lanseringar av Vol. 2 og Vol. 3 kjem seinare, på to ulike tidspunkt.

Øyonn Groven Myhren blir rekna som ei av dei fremste folkemusikarane våre og har vunne fleire førstepremiar frå Landskappleiken. Ho har vore sentral i ei rekkje prosjekt, blant anna i kvedargruppa Dvergmål, der ho har gitt ut to album: Visor og kvæde frå Blåberglandet (1996) og Song i himmelsalar (2004). CDen Nordjordet (2018) er frukt av eit mangeårig samarbeid med Bugge Wesseltoft. Her er òg verd å nemne I Jolo (1998) saman med Eilert Hægeland og Alf Tveit, Runarslaget (2021) saman med SISU slagverksensemble, og Tìle (2022) saman med Sidiki Camara og Olav Torget. Ho har arbeidd med mellomalder-songar gjennom ensemblet Aurora Borealis, med albuma Harpa (1997) og Wizlavs viser (2018), og i duoen Sogesong (med Anne Hytta) med Så vide fara dei lindaord (2017). Ho har sett søkelys på norsk 1600-talls-musikk gjennom ensemblet Barokk Boreal med albuma Ti bud i sanger (2020) og Sanger om død og glede (2022). I 2001 skreiv Odd Nordstoga og Groven Myhren tingingsverket Nivelkinn, der urframføringa kom ut på CD og fekk Spellemannprisen i kategorien Folkemusikk/Gammaldans i 2002. Som soloartist har ho gitt ut albuma Akkedoria frå Kristiania (2003) og Grisilla i Gullveven (2008), og ho har mottatt prisar som Norsk folkemusikkfonds folkemusikkpris (1997), Sagaprisen (1997) og Gammeleng-prisen (2022).

Utgivelsesdato:

EAN : 7033662074136

Katalognummer: HCD7413

Priskategori : 3CD