Vis handlekurv «Gjermund Larsen Trio: Salmeklang» er lagt til handlekurven din.

First Dance

EVELINA PETROVA: Farewell · To Parajanov · Birds · MISHA ALPERIN: Her First Dance · Nostalgia · ROBERTO BONATI: Le Silence de l’Ange · TRAD. : Grief ·mer… Ring

Evelina Petrova Trio: Evelina Petrova - accordion, vocals · Laura Ellestad - Hardanger fiddle, 5-string fiddle · Andreas Rotevatn - trombone, electronics

Debutalbumet til Evelina Petrova Trio er møtet mellom russiske folkeviser – norsk folkemusikk på hardingfele – og nordisk jazz.

kr 139

Et internasjonalt møte mellom tre svært ulike tradisjonar, bakgrunnar og instrument.

Evelina Petrova Trio er et internasjonalt møte mellom tre svært ulike tradisjonar, bakgrunnar og instrument. Eit overraskande organisk og naturleg sound, kor det er rom for det vakre og stygge, det tonale og det atonale – og alltid varmt og ektefølt.

Debutalbumet til Evelina Petrova Trio – First Dance – er møtet mellom: russiske folkeviser tolka av russiske Evelina Petrova på trekkspel og vokal; norsk folkemusikk på hardingfele spelt av canadiske Laura Ellestad; og lydlandskap og nordisk jazz frå trombona og effektpedalane til norske Andreas Rotevatn.

Seinare denne hausten skal trioen spele to konsertar på hovudscena under FolkeLarm, i tillegg til å vere med på NRK si radio- satsing Folk:LAB under festivalen.

More

Evelina Petrova Trio

Denne Oslo-baserte trioen møttest då dei studerte ved Norges Musikkhøgskole. Dette unike samarbeidet mellom tre kunstnarar frå jazz-, folkemusikk- og musikkteknologi-avdelinga var å sjå på som eit laboratorium: alt var lov, alle kombinasjonar skulle prøvast ut, og frå første øving var trioen sikker på at dei var inne på sporet av noko unikt. Medlemmene av trioen bur i Noreg. Ved siden av dette prosjektet er alle tre aktive freelancemusikarar.

Evelina Petrova (f.1974) fra Russland spelte tidlegare mykje med Misha Alperin, ho har tidligere opptrådd med Jethro Tull og i 1999 fekk ho utmerkinga «Star of the Year» i Russland i 1999. Ho har ein bachelorgrad i klassisk trekkspel og ein mastergrad i jazz/improvisasjon. Den russiske folkemusikken har alltid vore nær hjartet til Evelina.

Laura Ellestad (f.1982) flytta frå Canada til Noreg for snart ti år sida på jakt etter å lære meir om norsk folkemusikk på hardingfele. Dette har resultert i mellom anna nominasjon til Spellemannsprisen i kategorien folkemusikk i 2014 for soloplata "Valdresspel i Amerika", og ei pågåande doktorgrad som stipendiat ved Norges Musikkhøgskole, med fokus på utvandringa av norsk folkemusikk til Amerika. Laura Ellestad jobbar som nestleiar ved Folkemusikkinstituttet på Rauland.

Andreas Rotevatn (f.1989) har erfaring frå fleire prosjekt, med stor sjangermessig bredde. Mellom anna spelar han med tradjazz-bandet Ytre Suløens Jass-Ensemble, med hip-hop artisten Cezinando og i komponistorkesteret OJKOS. Rotevatn er utdanna jazztrombonist fra Griegakademiet og har i tillegg en mastergrad i utøvande musikkteknologi frå NMH.

Trad.

Utgivelsesdato: 25.10.2019

EAN : 7033662073610

Katalognummer: HCD7361

Priskategori : CD