I natta og mørket herskar Hekate. Beståande av tre kroppar med kvar sine særskilde eigenskapar, voktar ho over månen, vegskiljer, og sit med nøkkelen til portalen mellom ulike verdenar. Vokaltrioen HEKATE, beståande av Malin Alander, Silje Risdal Liahagen og Synnøve Brøndbo Plassen, opnar dørene til eit nytt musikalsk rom der urgamal kraft møter moderne klubbenergi.
Trioen, som alle har markert seg som sterke soloartistar på den norske musikkscena, har på kort tid etablert seg som eit unikt innslag i den norske folkemusikken. Etter konserter på Tuvas Blodklubb, Motvindfestivalen, Celtic Connections, Folkelarm og NRKs Lindmo, har Hekate trollbunde publikum med rå, intens kveding og eit sterkt nærvær som inviterar både til lytting og dans.
Slåttetralling har lange tradisjonar her i Norge, og etter mange år som ein mindre omtalt del av folkemusikken, har denne undersjangeren fått sin renessanse dei siste tiåra. Albumet består av slåttetralling frå ulike delar av landet, med improvisasjon som eit av hovudelementa. Dei tre stemmene i trioen er både ulike og like, noko som bidreg til å skape eit dynamisk lydbilete med eit breitt spekter av klang.
HEKATE oppstod frå eit ynskje om å lyfte fram slåttetralling, og ein klar visjon om songen som sjølve ryggraden i dansefesten. Med mål om å lage euforisk stemning for både dansaren og lyttaren, har dei skapt sitt eiget univers styrt av drivande samspel og intens energi.
Om ein legg til inspirasjon frå den kraftfulle, feminine energien som historisk fylgjer slåttetrallinga og det sterke samhaldet som er i samsongen, sit ein att med eit potent heksebrygg av kompromisslaus kveding i klubbsetting.
HEKATE skaper kompromisslaus, kraftfull kveding i ei moderne setting – eit potent heksebrygg for både dansegolv og djupt lyttande sjeler.
Konsertar:
PEDERHUSVEKA, BREIM – 20.-22. JUN
OSLO PRIDE – 25. juni
RISØR KAMMERMUSIKKFEST, – HEKATE & POING 26. JUN
FØRDEFESTIVALEN – 3.-6. JUL
JØRN HILME, VALDRES – 10.-13. JUL
KALOTTSPEL – 7.-10. August
PARKTEATRET, Oslo – 27. august
STORHELG I HALLINGDAL, TORPO – 17.-19. OCT
RIKSSCENEN, Oslo – 31. oktober