• Cover_Buster Sledge_Dreamer
  • DW1A8383
  • DW1A8178
  • DW1A8116 (1)

Dreamer (EP) – Buster Sledge

1. I Could Be Nowhere (Drinking Nothing) (04:34)
2. Sit up Straight (03:27)
3. Dreamer (17:48)
4. Leave the Day (01:27)mer…


Michael Barrett Donovan (fele, lead vocals) - Jakob Folke Ossum (gitar, vokal) - Mikael Jonassen (banjo, vokal)

Buster Sledge samlar lause trådar i ny EP

kr 151

Clear selection

Buster Sledge er ein trio beståande av fele, banjo, gitar og tre songstemmer. Fronta av ein amerikansk tilflyttar, Michael Barrett Donovan på leadvokal og fele, fann dei saman i sin felles kjærleik for akustiske amerikanske musikktradisjonar som country, bluegrass og oldtime. Med dette som utgangspunkt ynskjer dei å bygge ei bru mellom samtida og fortida i form av både nye og eldre musikalske impulsar og tematikk. Dei garnerer gjerne med ei salig blanding pop, rock, jazz, rap eller kva enn som måtte tilføre den enkelte låt det lille ekstra eller aktualisere musikken for ein ny generasjon lyttarar.  

More

Den 30 minutt lange EP-en, beståande av 4 låtar, inneheld lause trådar som aldri kom inn i Buster Sledges tidlegare eller kommande større prosjekt. Her finn ein ein rett fram grasa ut pub-banger («Sit Up Straight»), ein skeiv George Jones- inspirert smørsong i countrystil («I Could Be Nowhere (Drinking Nothing»), og avsluttast med ei vidopen Grateful-Dead-inspirert jamlåt, stappfull av folkemusikkreferansar («Dreamer» og «Leave the Day»).      

«I Could Be Nowhere (Drinking Nothing)” er eit løft på hatten til ein allereie pågåande diskusjon om fri vilje. Låtskrivar Donovan seier: «Eg har alltid vært fascinert av country-låt-autonomien. «Eget» i songen som ikkje kan forklare kvifor, men gjer ting som dei verkeleg ikkje burde gjere, sjølv om det kostar dei mykje – denne songen er mitt bidrag til det temaet».  

Den 17 minutt lange låta «Dreamer», er kanskje den eldste i Buster Sledge-katalogen: «Eg trur eg skreiv den i New York City i 2017, medan eg studerte komposisjon og ikkje skreiv mange «songar» (i motsetning til «stykker», som eg skriv med tunga rett plassert i munnen) i det heile tatt – og den inneheld delar av mykje som skjedde med meg på den tida; Gesualdo-inspirerte harmoniar, store opne soloparti (eg spelte i eit Grateful Dead band på den tida), og ein «slå ut den fjerde veggen»- tekst som er skreve i ein frustrert kreativ blindveg. Hold deg fast!» – Michael Barret Donovan.  

EP-en avsluttast med «Leave the Day», ein epilog til «Dreamer», inspirert av solo vokale folkemusikktradisjonar i både USA og Norge.   

Dreamer blei spelt inn av Sjur Lyseid (Little Hands of Asphalt, Flight Mode) I Globus Studios Oslo, bandet sin heimby. Den fire låtar lange EP-en består av lause trådar av låtmateriale som aldri fant vegen inn i andre innspelingsprosjekt. Ep-en vert kun fysisk utgjeven på kassett i 50 eksemplar. Ofte fortel konsertgjengarar ved merchboden om at dei ikkje har CD-spelar, men vil gjerne ha ein fysisk suvenir dei kan halde i hendene medan dei strøymer musikken fra ymse strøymetenester. Dersom dette er tilfelle, kvifor ikkje halde rundt ein kassett eller eit anna utdatert format? Denne nye måten å konsumere musikk på, strøyming, overlappar med den gamle måten å lytte på- fysiske format som CD, LP eller kassett – på samme måten som Buster Sledge musikalsk prøver å overlappe den gamle musikken med den nye. Kanskje vil følelsen av eigarskapen, tilknytninga og dermed opplevinga av verdien av musikken verte styrka ved denne fysiske representasjonen? Om ikkje, er det sjølvsagt berre å fyre opp si føretrukne strøymeteneste! 

Utgivelsesdato:

EAN : 703366207405

Katalognummer: HCD7405

Priskategori : Kasett