• HCD7359.jpg
  • HCD7359-Pressebilete202_20Foto20L-20Evensen.jpg

Dalen – Mari Midtli

TRAD. NORWEGIAN: Bestemora lokkar · Nu rinder solen opp · Stubbrekkje · Så fekk e sjå kår ho Kari sto · Åt monkje · Tytingen · Katta sat uppme omne sjuk · Dalen · Truls mæ bågån · Hull + Hu håmmår i Helle · Detta fell semer… sålest ut · Krist give · Moin gjekk åt kveinn + springleik etter Per Spelmann · Alderdomen

Mari Midtli, vocal · Andreas Bjørkås, fiddle · Vegard Moshagen, harmonium

Soloplate frå ein av dei fremste utøvarane av vokal folkemusikk i Noreg

kr 139

Eit etterlengta prosjekt frå meritert folkesongar

Mari Midtli reknas i en alder av 22 år som ein av dei fremste utøvarane av vokal folkemusikk i Noreg. Hennar framifrå formidling og nærvere framkallar fort frysningar og har gjort sitt til at ho har vunne Landskappleiken (vokal klasse B) to gonger og hausta ei rekkje prisar. No kjem hennar første soloplate på Heilo. ”Dalen” består av Mari Midtlis favorittsongar frå nære kjelder i Gudbrandsdalen.
Plata lanserast på heimebane med konsert heime på Låven på Sel 22. juni, og med ein eigen konsert under Landskappleiken i Vågå, 28 juni.

More

Mari Midtli reknas i en alder av 22 år som ein av dei fremste utøvarane av vokal folkemusikk i Noreg. Hennar framifrå formidling og nærvere framkallar fort frysningar og har gjort sitt til at ho har vunne Landskappleiken (vokal klasse B) to gonger og hausta ei rekkje prisar. No kjem hennar første soloplate på Heilo. ”Dalen” består av Mari Midtlis favorittsongar frå nære kjelder i Gudbrandsdalen.

Vokalmusikk frå Gudbrandsdalen

Vokalmusikken i Gudbrandsdalen har vore ein gøymd skatt i mange år. Nesten ingen har brukt den. Mari har derfor dei siste åra jobba med å finne fram gamalt vokalmateriale, og har etter kvart opparbeidd seg eit breitt repertoar. Ho har gått i lære hjå Camilla Granlien, ein av dei få andre vokalutøvarane som utøver tradisjonen frå Gudbrandsdalen, og hatt mange møter med den store kjelda Jarnfrid Kjøk. ”Dalen” består av repertoar som ho har etter desse toneangivande lærarane, og songar og slåttar som Mari har gravd fram frå arkivopptak og nedskrivingar.

Sjølv om materialet botnar i meir eller mindre gamle kjelder, er Maris formidling alt anna enn gammalmodig. Songen er det bærande på albumet og hennar klokkeklare stemme og friske arrangement spelt av Andreas Bjørkås (feler) og Vegard Moshagen (trøorgel), gjer dette til ei plate til å bli røyrt og glad av. Plata er kalla opp etter Maris favoritt-feleslått ”Dalen”, som på plata blir framførd med slåttetralling. Den er ei hylling til tradisjonsmusikken frå Gudbrandsdalen og dei som har førd den vidare, der ho føyer seg inn som ein verdig arvtakar.

Om Mari Midtli

Mari Midtli byrja å spele fele som 6-åring, og etter kvart voks òg interessa for folkesong. Ho har vore solist med TrondheimSolistene og KORK ved fleire høve, i tillegg har ho blant anna samarbeidt med Aslak Brimi, Mads Erik Odde og Bjørn Kåre Odde. Ho er utdanna ved Ole Bull Akademiet på Voss. Mari har vunne ei rekkje prisa, forutan ein drøss topplasseringer på Landskappleiken kan nemnast Toneprisen i 2015, Peer-Gynts Talentpris, DNB’s Talentstipend, Fureprisen og Furestipendet 3 år på rad.

Andreas Bjørkås |Berit Opheim |Mari Midtli |Trad. Norwegian |Vegard Moshagen

Utgivelsesdato:

EAN : 7033662073597

Katalognummer: HCD7359

Priskategori : CD