«Rollin’ Phones: Dedicated» er lagt til handlekurven din. Vis handlekurv
“High Roller” has been added to your cart. View cart
«Sails Set» er lagt til handlekurven din. Vis handlekurv
«Slåttar frå Granvin» er lagt til handlekurven din. Vis handlekurv
  • Cover_Buster Sledge_Call Home
  • DW1A8414
  • Buster Sledge_photo_

Call Home – Buster Sledge

1. The Wind
2. Mountain Jesus
3. Raindrops
mer…
4. Other Side
5. Man Eaten Lake
6. I Love This Road
7. Call Home
8. Faraway Blues
9. Sleepwalk
10. Dead Leaves
11. The rain

MICHAEL BARRETT DONOVAN: fiddle, lead vocals • JAKOB FOLKE OSSUM: guitar, vocals • MIKAEL JONASSEN: banjo, vocals

Den oslobaserte amerikansk-norske trioen Buster Sledge slepp sitt første studioalbum, Call Home. 

kr 151,39

Clear selection

Den oslobaserte amerikansk-norske trioen Buster Sledge slepp sitt første studioalbum, Call Home. Dette er oppfølgjaren til albumet Spirit, som bandet sjølv produserte og gav ut i 2020.

Les mer

I Buster Sledge er det fele, banjo, gitar og tre songstemmer som ber historiene fram langs eit orkestralt bakteppe forankra i akustiske musikktradisjonar frå USA. Hovudvokalist og låtskrivar, Michael Barrett Donovan, kjem frå Nord-California, og let personleg erfaring smelte saman med arketypar frå folk- og countrymusikken. Slik vert nytt liv blåst inn i velkjende songstrukturar. Gjennom Call Home sine elleve spor, løftar Buster Sledge på hatten til artistar som Norman Blake, Punch Brothers, Tim O’Brien og John Hartford.

Trioen var første band ut i Sjur Lyseid (Little Hands of Asphalt) sitt nyopna Globus Studio. Lyseid har leia bandet inn i eit noko utvida akustisk lydlandskap der arrangementa er meir straumlinjeforma – som igjen står i kledeleg samspel til William Hay sitt omslagsbilete der breie penselstrøk i impresjonistiske fargar viser ein einsleg ryttar som skodar ut over ein stor elvedal.

Banjospelar Mikael Jonassen frå Bodø, er den første i Noreg som har tatt høgare utdanning på dette instrumentet. Sjølv om det heile byrja med ein elektrisk banjo og fusion-jazz, fordjuper han seg for tida i akustisk banjo i Scruggs-stil via spelet til Béla Fleck. Han har tatt fleire turar til USA for å lære av meistrane der. Jakob Folke Ossum, jazzgitaristen som blei flat-picking aficionado, oppdaga lyden av akustisk plekterbruk gjennom Tony Rice og Bryan Sutton og studerte plater og videoar nøye for å lære seg teknikken. Felespelar Michael Barrett Donovan levde som musikar i New York City og tok ein mastergrad i klassisk komposisjon medan han turnerte med eit Grateful Dead-hyllestband. Dei tre møttest i eit kommentarfelt på eit bluegrass-forum etter at Donovan hadde flytta til Noreg i 2019. Resten av historia må du spørje dei om på ein konsert ein gong i framtida. Buster Sledge har stått på mange små og store scenar i Sør-Noreg – ikkje la sjansen gå frå deg neste gong dei tar turen til dine trakter!

Utgivelsesdato:

EAN : 7033662073863, 7033661073864

Katalognummer: HCD7386

Priskategori : CD, LP