Vis handlekurv «Hjemve – Slåttetralling fra Folldal» er lagt til handlekurven din.

Blåmann Blåmann (Reutgivelse) – Blåmann Blåmann

1. Tippe tippe tuve
2. Tjønnbergen
3. Storebroer og lillebroer
mer…
4. Trollspringar
5. Trollhalling
6. Skuldalsbruri
7. Langåkeren
8. På Dovrefjell
9. Tukthusen
10. Helga Djuviken
11. Gøytilsjenta
12. Myllarens siste springar
13. Målfrid mi fruve
14. Margit Hjukse
15. Møsstrondsfenta og Halling etter Embrik Beitohaugen
16. Liti Kjersti
17. Sigurd Jondalen
18. Nøringen og Fanteguten

Blåmann Blåmann: Lars Underdal: hardingfele, feler, vokal • Odd Nordstoga: vokal, gitar, trekkspill • Asgaut Bakken: gitar, vokal • Silje Hegg: fløyter, vokal • Medvirkende: Marius Reksjø: kontrabass • Tor Bjarne Bjelland: perkusjon

20 år etter det legendariske albumet kom ut, feirast det med reutgivelse i nymiks og med ekstraspor, i ei innhaldsrik innpakning, på dobbel vinyl.  

kr 139

Clear selection
Sjanger: Folkemusikk

I 1997 møttest fire ungdommar for øving i e i gamlestoge i Vinje. Lars Underdal (25), Odd Nordstoga (24), Asgaut Bakken (23) og Silje Hegg (21). Det var starten på folkemusikkorkesteret Blåmann Blåmann og fem år med moro, fest, surmuling, musikk, latter, allsang og kaos. No er det 20 år sidan det legendariske albumet deira kom ut, og det skal feirast med remastra vinyl med heile 5 bonusspor!

More

Det heile starta med at Ellen – mor til Odd – dreiv ei lita reiselivsbedrift og hadde funne ut at denne gjengen skulle sendast til Tyskland for å reklamere for Noreg som reisemål. Då gjengen kom heimatt var det fleire som ville høyre kva dei hadde øvd seg på i Tyskland. Fyrst sporadisk, men etter kvart balla det på seg med både skulekonsertar og festivalar, TV, radio og fleire utanlandsturar. Etterkvart kom det på tale å spele inn plate, der fyrstesporet «Tippe tippe tuve» gjekk til topps på Norsktoppen og så smått kom dei også litt ut av folkemusikkens emneområde og blei ei av dei fyrste gruppene av dette slaget som spelte på By:larm. 

Blåmann Blåmann klarte å gjere tradisjonsmusikken tilgjengeleg for endå fleire lyttarar gjennom sine leikne og energiske sceneopptredenar, kreative arrangementer og suverene samspel. Den lokale, solistiske folkemusikken fekk akkordar og blei skrudd saman og tilpassa eit meir moderne bandformat. Idé og gjennomføring blei godt motteke, og publikum strøymde til lokala langs vegen dei fór.  Men etter fem år med konsertar for stapp- og halvfulle hus i inn- og utland blei det brått slutt. Då byrja Silje på mastergrad, Lars fekk seg stresskoffertjobb, Asgaut fekk seg kulturjobb og Odd blei popstjerne. 

No er det 20 år sidan albumet deira kom ut, og det skal feirast. Albumet kjem i nymiks, med ekstraspor, i ei innhaldsrik innpakning, på dobbel vinyl. 

Lars Underdal |Marius Reksjø |Odd Nordstoga |Silje Hegg |Tor Bjarne Bjelland

Utgivelsesdato: 15.10.2021

EAN : 7033662073801

Katalognummer: HCD7380

Priskategori : CD, LP