Vis handlekurv «Kimer I klokker – julefolketoner fra Nordland» er lagt til handlekurven din.
  • ANDSYNING_DigitaltOmslag-SolveigLonseth
  • helga myhr21237
  • helga myhr21490
  • helga myhr21439
  • Andsyning_A_Omslag-FotoSolveigLønseth
  • Andsyning_A_Vinyl-FotoSolveigLønseth
  • Andsyning_A

Andsyning – Helga Myhr

I dag · Andror · Leia · Andfares · Eg går · Andfares II ·mer… Utgang

HELGA MYHR: komponist, produsent, hardingfele, sang - ADRIAN FISKUM MYHR: kontrabass - MALIN ALANDER: sang - RASMUS KJORSTAD: feler, langeleik, munnharpe - MICHAELA ANTALOVÁ: perkusjon, seljefløyte.

Gjennom dette verket kombinerar ho si forankring i tradisjonsmusikken frå Hallingdal med sitt særprega utforskande uttrykk.

kr 299

Helga Myhr er ein ettertrakta hardingfelespelar og songar. Ho har medverka i fleire samansetningar og innanfor mange ulike sjangrar. Gjennom dette verket, som originalt vart skrive til Osafestivalen 2020, kombinerar ho si forankring i tradisjonsmusikken frå Hallingdal med sitt særprega utforskande uttrykk. På denne utgjevinga møtes musikk og visuell kunst i ein praktfull vinyl, utforma av den prisbelønte kunstnaren Solveig Lønseth. 

More

Helga Myhr har gjennom heile oppveksten hatt folkemusikken med seg. I dag ligg spesielt slåttespelet hennar hjarte nært. Slåttespelet ber preg av mange «lag» beståande av til dømes strøk, melodi, rytme, ornament og tonalitet, som ein kan variere over og som stadig nye generasjonar har foredla: «Slåttespelet inneheld uendelege moglegheiter, og det er desse moglegheitene eg har latt meg inspirere av når den nye musikken skulle skapast. For den som kjenner slåttemusikken godt, kan ein kanskje høyre kva for låttar eller «lag» eg har nytta, medan andre gonger er dette meir subtilt.» – Helga Myhr 

 I tillegg inneheld tre av låtane dikt av Margit Lappegard (1918-2011) frå Leveld i Ål i Hallingdal. Lappegard var ein folkekjær diktar som fekk stor merksemd for diktsamlinga «Noko vil alltid lysa» (fyrste gong utgitt i 1988). 

Ordet Andsyning kan ein finne i boka «Ord, uttrykk og inntrykk frå Hallingdal og Valdres» (Boksmia, 2002). Denne boka inneheld Ivar Aasen sine samlingar frå reiser til Hallingdal og Valdres frå 1845 og framover. Ordet er samansett av «and», som betyr i mot eller motsatt, og «syning» som kan bety horisont, å vise fram eller forekomst av noko som viser seg. Altså å sjå eller vise noko frå motsatt horisont. 

Musikken er direkte skrive for dei eineståande musikarane som bidreg på plata. Dei har i stor grad, med sine særprega musikalske og kreative eigenskapar, satt sitt preg på korleis musikken høyres ut: «Malin Alander har ei stor stemme som ho kan forme og strekke fantastisk langt, Adrian Myhr har ein varm bassklang, med sine vakre og snirklete melodiliner, Michaela Antalová har ein nydeleg groove til slåttespelet, og bidreg med lekre toner på seljefløyta, multiinstrumentalist Rasmus Kjorstad tilfører viktige klangvariasjonar og smakfulle bidrag på langeleik, fele, oktavfele og munnharpe.» – Helga Myhr 

Musikken er omslutta av eit nydeleg og spesielt kunstverk av Solveig Lønseth. LP-en og omslaget er direkte prega av hennar oppleving av Andsyning, og er eit resultat av Lønseth si eineståande evne til å skape noko som gir oss ei oppleving av å vera til stade her og no. Dette skriv blant anna Lønseth om musikken: 

«Då eg lytta til Andsyning for fyrste gong, fortona lydane seg med ein gong som visualiserte erindringar for meg. Det var som eg kunne sjå musikken. Ei syning rett og slett – veldig og skulpturell med fleire lag av liv. Musikken tok meg ut til ein tømmerstokk på duvande hav. Delt horisontalt mellom to verdar; den eine lengda i si endelause klårheit av luft og ljos. Den andre motsatsen i kompakt blaute – vendt nedover mot mytisk mørke og djup gradient. Trass i den horisontale inndelinga, må eigenråda i virke bryte av for bølga, og manøvrere i æva kring si eiga kjerne. Slik blir ei mekling framført mellom motsatsar av sanningane våre – opp og ned, att og fram, hit og dit, før og no.» – Solveig Lønseth 

Helga Myhr sitt soloalbum «Natten veller seg ut», vart slept hausten 2019 på Motvind Records, og mottok nominasjon til Spellemannprisen. Myhr spelar i fleire i grupper og ensemble blant anna i bandet Morgonrode som mottok Spellemannprisen i 2019. I tillegg er ho fast medlem i Kvedarkvintetten, Dei kjenslevare og i duo saman med Tanja Orning. 

Utgivelsesdato:

EAN : 7033661073796

Katalognummer: HO7379

Priskategori : LP