Kraft og historie frå tidlege tider vert blanda saman med eigne uttrykk og historier. Aminje er eit gammalt lokalt uttrykk for å kvile minnet.
Virtuos folkemusikk fra Vestlandet
Liv Merete Kroken og Sigrid Moldestad har markert seg på fleire hald i norsk folkemusikkliv dei siste åra. Dei møtte kvarandre som studentar ved Ole Bull Akademiet, Spelemannsskulen (1996-98). Her vart dei glade i å spele saman, samstundes som dei utvikla sitt eige solospel. Båe har sine musikalske røter i Nordfjord, Sogn og Fjordane.
Båe speler både vanleg fele og hardingfele, men Liv Merete Kroken er i A-klassen på hardingfele, og Sigrid Moldestad er i A-klassen på vanleg fele. Dei har studert felespel hjå fleire av dei beste folkemusikkutøvarane i landet, og saman eller kvar for seg har dei vore delaktige i prosjekt og samarbeid som viser mangfaldet deira: palestinske musikarar, kor, rock, joik, pop, teater m.m. Nokre av prosjekta har fått særs god omtale, til dømes Fjøgl (med Unni Løvlid).
I mai 2001 gav dei saman ut plata Spindel (Grappa/Heilo). På denne plata leika dei seg med dei same musikarane som på Aminje: Olav Tveitane (gitar/cisster/kontrabass), Dagfinn Andersen (trøorgel/piano) og Ivar Kolve (percussion).