Vis handlekurv «Lystrup på trekkspill» er lagt til handlekurven din.

Alde – Benedicte Maurseth

BENEDICTE MAURSETH: Bøn · Fylgje · Til Knut · Torghallingen · Springar på Seltakvednstille · Lett regn av lys · Sissel-Hallingen · Alida · Inspirasjon · Kjetil-Slåtten · Mellomspel · Jenglenuten · Gamle Gunnar · Vals ·mer… Alde

Benedicte Maurseth · Hardanger fiddle · viola d'amore · vocal

All musikk er komponert og arrangert av Benedicte Maurseth kor ho sjølv står for utøvinga på hardingfele, viola d’amore og vokal.

kr 139

Sjanger: Folk Music

Benedicte Maurseth – Alde

I januar 2009 satte Det Norske Teatret opp premieren på Andvake, teaterforestillinga basert på Jon Fosses roman. Rikskonsertene hadde spurd folkemusikar Benedicte Maurseth om å komponera musikken til forestillinga, og dei gode kritikkane lèt seg ikkje venta på. Musikken til denne forestillinga, samt nye komposisjonar etter endt premiere er nå å høyre på Benedicte sin fyrste solo-CD, nemleg Alde.
Og ho gjer det verkeleg solo – slik tradisjonen har vore i norsk folkemusikk i århundrer – og i desse samspelstider er dette verkeleg ”tilbake til røttene” på eit vis, der ho nytter gamle slåtteformer som utgangspunkt for sine komposisjonar, samstundes som ho ynskjer å ta solotradisjonen for hardingfela med inn i nye far av klangar og fargar. All musikk er komponert og arrangert av Benedicte sjølv, og ho spelar og syng denne gong utan gjester på hardingfele, viola d’amore og vokal.

"Eg trur det har noko med det dei som har levd føre meg, og som eg kjem frå, har å seia meg. Det er også lyden av deira liv eg høyrer, som det òg er lyden av mitt liv. For meg, slik kjennest det ut, er det hardingfelemusikken som best tek vare på mine døde, til dømes slik den lèt seg høyra på Benedicte Maurseths cd Alde. " – Jon Fosse

More

Eg trur det har noko med det dei som har levd føre meg, og som eg kjem frå, har å seia meg. Det er også lyden av deira liv eg høyrer, som det òg er lyden av mitt liv. For meg, slik kjennest det ut, er det hardingfelemusikken som best tek vare på mine døde, til dømes slik den lèt seg høyra på Benedicte Maurseths cd Alde.
– Jon fosse

Ein allsidig og mangslungen kunstnar

Benedicte Maurseth (f.1983), frå Eidfjord i Hardanger, er i dag busatt i Bergen som frilansmusiker. Ho byrja å spele hardingfele frå ho var sju år gamal hjå sin meister Knut Hamre og tradisjonsmusikken frå Hardanger er hennar spesialfelt som ho også har studert ved Ole Bull Akademiet. I dei seinare årene har ho også arbeida som songer og sjølv om det er den solistiske musikken som står hennar hjarte nærmast, arbeider ho også med mange av dei fremste kunstnarar på tvers av sjangrer, særleg innan tidlegmusikken, men også mykje saman med forfattarar og skodespelarar – til dømes; Jon Fosse, Svein Tindberg,  Anne Marit Jacobsen, Knut Hamre, Nils Økland, Berit Opheim og Gabriel Fliflet, for å nemne nokon
Maurseth har hatt ei djup interesse for barokkinstrument og har i fleire år arbeida med gamle 1700-talls hardingfeler, ho brukar tarmstrenger og barokkbogar og har i den siste tida også byrja å utforske viola d´amore. Ho har turnera mykje for Rikskonsertene kring heile Noreg og helde ei rekkje solo konsertar på festivalar i USA, Canada, Belgia, Island, Tyskland m.m.

Maurseth er ein allsidig og mangslungen kunstnar som arbeider på tvers av kunstnariske sjangrar og landegrenser, og har tidlegare utgjeve to kritikarroste CD-er; Rosa i botnen (2006) og Fodne ho svara stilt (2008).

Audun Strype |Benedicte Maurseth

Utgivelsesdato: 07.06.2010

EAN : 7033662072590

Katalognummer: HCD7259

Priskategori : CD