Vis handlekurv «Dønninger» er lagt til handlekurven din.

Religiøse folketonar – Arve Moen Bergset

ET LIDET BARN SAA LYSTELIG · DET ER DET NYT, SOM PAA JORDERIG SKEEDE · HERRE GUD! DIT DYRE NAVN OG ÆRE · MIN SJÆL NU LOVER HERREN · OVERMAADE FULD AF NAADE · MIN GUD JEG PRISE VIL MED FLID · PÅ JORDEN MANGE BLOMSTER VOKSE · DU VÆRE LOVETmer…, JESU KRIST · KVEN KAN SEIA UT DEN GLEDA · KORSET VIL JEG ALDRI SVIKE · SØRGER DU ENDNU, MIN SJÆL! · UPP, ALLE TING, SOM GUD HEV GJORT · HELLIG ÅND, O HIMMEL-LUE · NED I VESTER SOLI GLADER · EG VEIT I HIMMERIK EI BORG · DAGSENS AUGA SLOKNAR UT · I HIMMELEN, I HIMMELEN ·

Arve Moen Bergset, vocal · Kåre Nordstoga, organ · Geir Inge Lotsberg, violin

Arve Moen Bergset syng religiøse folketonar akkompagnert av fiolin og orgel. I dei fleste songane kling både kveding, fiolin og orgel saman, i andre berre eitt instrument inntil songen, medan nokre av dei religiøse folketonane er utan tonefylgje.

kr 139

Arve Moen Bergset- Religiøse folketonar

Dei tre musikarane Arve Moen Bergset (kveding), Kåre Nordstoga (orgel) og Geir Inge Lotsberg (fiolin) har samarbeidd i fire år, og dette har no resultert i ei CD-utgjeving med religiøse folketonar

Arve Moen Bergset syng religiøse folketonar akkompagnert av fiolin og orgel. I dei fleste songane kling både kveding, fiolin og orgel saman, i andre berre eitt instrument inntil songen, medan nokre av dei religiøse folketonane er utan tonefylgje. Kåre Nordstoga har stått for alle arrangementa på plata, med unntak av eitt som er signert organist Leif B. Andresen.

Blant dei mange tekstforfattarane finn me Petter Dass, Martin Luther, H. A. Brorson og Anders Hovden. Tonane er henta frå mange kjelder, – mellom andre Sondre Bratland, Ellen Bojer Nordstoga og Agnes Buen Garnås.

"HErre GUD! Dit Dyre Navn og Ære", "I Himmelen" og "Eg veit i himmerik ei borg" er nokre av dei mest kjende salmane på denne plata, som dessuten inneheld salmar som nok vil vera ukjende for dei fleste.

Plata blei spela inn i Oslo donkirke hausten 1996. Akustikken og ikkje minst det nye, framifrå kororgelet i kyrkja la tilhøva vel til rette for musikarane.

Arve Moen Bergset |Geir Inge Lotsberg |Kåre Nordstoga

Utgivelsesdato: 10.11.1996

EAN : 7033662041145

Katalognummer: GRCD4114

Priskategori : CD