Endeleg er innspelinga frå 1981 der Geirr Lystrup syng viser av Sigmund Groven og Halvor J. Sandsdalen å få på CD!
Tvisynte Sandsdalen
Liksom A.O. Vinje har Halvor J. Sandsdalen tvisyn: Han kan "le med det eine auga og gråte med det andre." Alle tekstene, både dikta og visene, er trykte i heftet som høyrer med til CDen. Som visediktar går Sandsdalen inn i ein tradisjon der undertonen av folkevisa er tydeleg. Mange meiner at han er i slekt med både Jakob Sande, Vidar Sandbeck, og Alf Prøysen. Og nettopp Prøysen var ein av dei som saman med Otto Nielsen oppmuntra Sandsdalen til å skrive fleire viser då han sende inn sine fyrste tekster til radioprogrammet Søndagsposten.
Allmenn dikting frå Telemark
Halvor J. Sandsdalen er frå Seljord, og han har lenge hatt eit nært samarbeid med ein annan telemarking, Sigmund Groven, som har sett tone til eit tjuetal Sandsdalen-tekster. Mange av dei blei urframførte i Otto Nielsens Søndagsposten på 1970-talet, av Geirr Lystrup. Han har også sterke røter i Telemark, men er elles kjend for å framføre eigne viser. Nå er dette langtfrå noko stadbunde Telemarksprodukt. Innhaldet i visene og dikta femner tankar som er allmenne. Her er både beiske og humoristiske folkelivsskildringar, og naturlyrikk. Diktaren nyttar dei ytre hendingane og naturbileta til å fortelje om menneskelege kjensler.
Vemod og glede
– Eg skriv vemodige viser når eg er glad, mi glede er alltid blanda med vemod, og eg skriv skjemtviser når livet går meg i mot. Halvor J. Sandsdalen.
Innspela i Oslo 15.-19. september 1981. Alle dikta er innlesne for NRK mellom 1963 og 1985. Musikalsk leiar, arrangør og produsent er Sigmund Groven.