Vis handlekurv «Sigrid Moldestad: Vere her» er lagt til handlekurven din.
  • GRCD4151.jpg
  • GRCD4151_inlay_web.jpg

HARMONICA ALBUM – Sigmund Groven

BENT FABRICIUS-BJERRE: REODORS BALLADE / REODOR`S BALLAD, BOB TELSON: CALLING YOU, DIMITRI TIOMKIN: THE GREEN LEAVES OF SUMMER, DONALD PHILLIPS: FIREFLY, GEORGE GERSHWIN: SUMMERTIME · IT AIN`T NECESSARILY SO, GIUSEPPE VERDI : JEAN DE FLORETTEmer…, HENRY MANCINI: MOON RIVER, JAMES HORNER: TITANIC THEME, JEAN WIENER: LE GRISBI, JOHN BARRY: MIDNIGHT COWBOY, LUIS BACALOV: II POSTINO, SIGMUND GROVEN: MOTLYS / AGAINST THE LIGHT · TIDA GÅR / EASY WALKING

Sigmund Groven · Kjetil Bjerkestrand, Iver Kleive, Steinar Ofsdal, Rainbow Filmharmonic Orchestra, Bjørn Ole Rasch, Anne Vada

Harmonica Album er en hyllest til verdens vakreste filmmusikk.

Sjanger: popSoundtrack

Kjent og kjær filmmusikk i ny drakt

Harmonica Album er en av Sigmund Grovens mest populære utgivelser noensinne. Det er Groven selv som har valgt ut melodiene til samlingen, med fokus på kjent og kjær filmmusikk. Resultatet er et knippe av tidenes beste melodier, nydelig fremført av en av verdens beste munnspillutøvere. Noen av de utvalgte melodiene er opprinnelig blitt fremført på munnspill, mens andre har fått nye arrangementer tilpasset instrumentet. Den utvalgte filmmusikken er hentet fra både eldre og nyere filmer, i tillegg til to av Grovens egne komposisjoner. Særlig viktig er Donald Phillips´ ”Firefly”: Melodien var Grovens første møte med munnspilvirtuos Tommy Reilly – som senere skulle bli Grovens læremester og nære venn.

More

Filmtonar frå eit munnspel

Filmmusikk og munnspel

– Da eg valde melodiar til denne samlinga, la eg hovudvekta på kjende filmtema som har vori spela på munnspel gjennom åra. Dessutan tok eg med eit par nyare tema som ikkje blei spela på munnspel i filmane, men som eg syns passar godt for instrumentet. I tillegg inneheld denne CDen eit par av mine eigne melodiar: ein heilt ny, og ein som eg laga for 20 år sidan, men som eg framleis har på konsertrepertoaret mitt. Vidare mine versjonar av melodiar frå skattkista til ein av dei mest markante figurane i vårt hundreår, George Gershwin, som vi feirar hundreårsminnet til nå i 1998, og endeleg ein hyllest til mannen som blei musikalsk inspirasjonskjelde og læremeister for meg, Tommy Reilly, seier Sigmund Groven.

Grovens møte med munnspelet

På plata finst det nesten uskyldsreine, enkle og vakre temaet frå den rørande historia om “Postmannen”, “Il Postino”, og “Reodors ballade” som har eit norsk-folketone-liknande preg, sjølv om komponisten, Bent Fabricius-Bjerre var dansk! Den sjarmerande og originale “Bagdad Café” er ein annan film som mange hugsar, ikkje minst på grunn av melodien “Calling You”. “Motlys”, ein av Grovens eigne komposisjonar, bruker han ofte som opningsnummer på konsertane sine. “Tida går” er splitter ny, ein enkel liten trall av det slaget som kan byrje å surre rundt i hovudet og som nektar å forsvinne før han er nedskriven. – “Firefly” var melodien som forandra livet mitt, seier Groven. Eg var ni år gammal, og sat saman med kameraten min heime i Heddal ein mørk janauarettermiddag og venta på Laurdagsbarnetimen, da eg plutseleg høyrde desse fantastiske tonane som strøymde ut frå radioapparatet: Tommy Reilly som spela “Firefly”. Frå da av var eg munnspelentusiast, og Tommy Reilly-beundrar!

Eldre og nye klassikare

Ein av dei legendariske komponistane i den store klassiske Hollywoodtradisjonen var russiskfødde Dimitri Tiomkin. Her kan du høyre Tiomkins nostalgisk lengtande song “The Green Leaves of Summer”. Ofte går filmskaparane til dei store komponistane frå farne tider for å finne musikk som skal skape den rette atmosfæren. Den vakre melodien som blei brukt i filmane “Jean de Florette”, “Kilden i Provence”, er eigentleg frå operaen “Skjebnens makt” av Giuseppe Verdi. Mykje av George Gershwins musikk kler munnspelet svært godt, og her har Groven henta fram to av dei mest kjende songane frå operaen “Porgy and Bess”: voggesongen “Summertime” og den røffare “It ain´t necessarily so”. Filmkomponisten Henry Mancini brukte munnspel i musikken til filmen “Frokost hos Tiffany´s”, og “Moon River” blei snart ein klassikar. Av enda eldre dato er temaet frå ein fransk kriminalfilm, “Le Grisbi”, ein original fransk blues. John Barry er ein av dei få engelske komponistane som har fått kultstatus. Til Hollywood-filmen “Midnight Cowboy” laga han eit originalt munnspeltema. Hovudtemaet frå Titanic i eit spennande arrangement av Bjørn Ole Rasch set punktum for denne samlinga med munnspelet som musikalsk midtpunkt og med mange gode hjelparar rundt!

Sigmund Groven

André Orvik |Anne Vada |Bent Fabricius-Bjerre |Bjørn Ole Rasch |Bob Telson |Dimitri Tiomkin |Donald Phillips |Frode Carlson |George Gershwin |Giuseppe Verdi |Henry Mancini |Ivar Anton Waagaard |Iver Kleive |James Horner |Jean Wiener |John Barry |Kjetil Bjerkestrand |Luis Bacalov |Per Flemstrøm |Rainbow Filmharmonic Orchestra |Sigmund Groven |Sigurd Jansen |Steinar Larsen |Steinar Ofsdal |Svein Christiansen |Terje Venaas |Tom-Erik Antonsen

Utgivelsesdato: 05.10.1998

EAN : 7033662041510

Katalognummer: GRCD4151

Priskategori : CD