Hornindal Spelemannslag – Til minne om Lars Hjellbakk – Hornindal Spelemanslag

1. Jubileumsmarsj
2. Ein sommardag
3. Skotsk, etter Lars Tomasgård.
more…
4. Helsing til Lars Hjellbakk, reinlender
5. Gamal vals, etter Pål Haugen d.e.
6. Den vesle masurka
7. En skumringsstund, vals
8. Jonsokkveld på Lundevang, vals
9. Minne frå Bruasætra, reinlender
10. Forglem mig ei, masurka
11. Helsing til Hornindal spelemannslag, reinlender
12. Gluggen, hamborgar
13. I ferien, reinlender
14. Soleglad, vals
15. Heimreis frå brudlaup, reinlender
16. Honndalsbrura, bruremarsj

Hornindal Spelemanslag består av: Gunn Sølvi Gausemel, Oskar Hjellbakk, Ragnvald Lunde, Erling Kroken og Torunn Raftevold, Kjell Tvinnereim, Svein Hjellbakk, Rasmus Bren- defur, Gunnhild Sindre, Svein Nesje, Kåre Ottar Tvinnereim, Jan Espe, Emil Kroken,Odd Raftevold, Knut Hansen,Knut Jarle Kroken.

Hornindal Spelemannslag sin hyllast til spelemann Lars Hjellbakk blir tilgjengeleg digitalt og på CD.

kr 199

Genre: Folkemusikk

Sorry, this entry is only available in Norsk.

Hornindal Spelemannslag sin hyllast til spelemann Lars Hjellbakk blir tilgjengeleg digitalt og på CD.

More

Lars Hjellbakk var ein sentral personlegdom når det galt bygdemusikken og felespelet i Hornindal. Hans slåttekunne og kjennskap til dei ymse slåtteformer etter ulike spelemenn, fakta omkring musikken og spelemennene, var eineståande.

Lars Hjellbakk (1889-1976) var gardbrukar, felemakar, treskjerar, spelemann og slåttediktar frå Hornindal. Han har vore den sentrale tradisjonsberaren av folkemusikk i Hornindal den seinare tida. Hornindal Spelemannslag lagde derfor en hyllest til Hjellbakk i 1983, som nå finnast i digitalisert versjon og på CD for fyrste gong.

Lars Hjellbakk var fødd 16. mai 1889 og var den eldste i ein stor syskenflokk. Som odelsgut var det han som overtok garden og vart bonde i Hjellbakkane. Han var ikkje gamle karen før han fekk seg fele og tok til å lære. Den første han lærde av var grannen Ola Hjellbakk – eller mellom bygdefolk «Spelar-Ola». Frå kring 1910 vart Lars fast spelemann i lyd og lag i Hornindal, han hadde på denne tid fått tak i dei fleste slåttane frå dei eldre spelemennene, og nytta dei i ei skirsla form og gav dei etterkvart eit drag og ein dåm som vart vart varemerke på Hjellbakk-spelet. Lars var ikkje nøgd med berre å spele andre sine slåttar, han nytta og sine musikalske evner til komposisjon. Dei som er att representerer ei rekkje slåtteperler av ypperste klasse.

Då Hornindal Spelemannslag var skipa var Lars Hjellbakk 70 år gamal, han vart likevel med i laget til han var over 80 år. Desse siste åra var han læremeisteren og sensor for spelemannslaget. For sitt trugne arbeid for folkemusikken vart han påskynda med Kongens fortenestemedalje og på same dag utnemnd som heidersmedlem i Hornindal Spelemannslag.

Lars Hjellbakk gjekk bort 1. mai 1976 etter eit langt og rikt liv i musikken si teneste. Vi som aktive spelemenn vil med denne innspelinga heidre våre store læremeister og signar minnet om ein stor musikar.

Ragnvald Lunde vart fødd i 1914 i Hornindal. Ragnvald Lunde lærde av både Lars og Andreas Hjellbakk. Han utvikla ein spelestil i nær kontakt med Honndalstradisjonen. Dette kom seinare til å bli eit av grunnelementa i komposisjonsverksemda som etter kvart er blitt omfattande.

Ragnvald Lunde har som mangeårig leiar av Hornindal Spelemannslag skapt det drag og den dåm som pregar vårt lagspel. Ragnvald Lunde vart heidersmedlem i Landslaget for Spelemenn i 1979 og same året heidersmedlem i Hornindal Spelemannslag. I 1981 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje for truge arbeid for folkemusikk og -dans.

I 1980 ble det avduket minnesmerket over Lars Hjellbakk i Hornindal.

Lars Hjellbakk var ein sentral personlegdom når det galt bygdemusikken og felespelet i Hornindal. Hans slåttekunne og kjennskap til dei ymse slåtteformer etter ulike spelemenn, fakta omkring musikken og spelemennene, var eineståande. Lars Hjellbakk hadde stor interesse for verbale og instrumentale folkeminne, og var granskaren som ikkje tok noko lettvint. Alt måtte vere så korrekt som mogeleg utfrå det som var råd å få greie på. Han sparde seg ikkje for noko møde såleis. Han vona at kulturarven skulle leve vidare, og delte sin kunnskap med alle som ville ta imot.

CD-utgjevinga av «Til minne om Lars Hjellbakk» er støtta av Rolf Myklebust Minnefond. Vi takkar hjarteleg for støtta! Hjarteleg takk også til Svein Hjellbakk, Gunn Sølvi Gausemel, Lars R. Lunde, Filmdigitalisering.no ved Steinar Hilde, og Rune Humborstad.

 

Release date:

EAN : 7033662070206

Cat.No.: HCD7020

Priskategori : CD