Vis handlekurv «On A Misty Night – Songs by Tadd Dameron» er lagt til handlekurven din.

alea iacta est

Andreas Rotevatn:
01. Innsegling 01:21
02. Breidablik 1 01:54
mer…
03. Breidablik 2 03:16
04. Elegi Karmosin 03:54
05. It’s South African Time 03:50
06. It’s West African Time 03:50
07. Dikt til H 05:42
08. The Khorovod Prayer 05:24
09. Helter Skelter 2 06:01
10. Snow in Treschow 04:49

Henriette H. Eilertsen: Flute (solo on track 9/10), Rakel E. Paulsen: Flute, Marie Rotevatn: Clarinet / Bass clarinet, Tina L. Olsen, Baritone sax, Richard Köster: Trumpet (solo on track 5), Jakob E. Myhre: Trumpet (solo on tracks 7/8),Lyder Ø. Røed, Trumpet (solo on track 4), Johannes F. Solvang: Trombone, Andreas Rotevatn Trombone (solo on tracks 1/6/8), Steffen Granly: Tuba, Kristoffer Håvik: Rhodes / Moog (solo on track 3), Arne Martin Nybo: Guitar, Mike McCormick, Guitar / Laptop (laptop on track 9), Alexander Hoholm: Bass, Knut K. Nesheim: Vibraphone / Percussion, Henrik Lødøen: Drums

OJKOS- ein famile av unge fremadstormande jazzkomponistar

kr 139

Clear selection
Sjanger: InstrumentalJazz

Terningen er kasta! No er den her, debut-plata til OJKOS. Nok ein gong skal terningen kastast, denne gongen gjennom utgjevinga av alea iacta est. Då Julius Cæsar kryssa elva Rubicon saman med hæren sin i 49 f.v.t, skal han ha sagt “alea iacta est” – “terningen er kasta”. Det å krysse denne elva med ein hær var ulovleg, og det å gjere det vart sett på som ei krigserklæring. I ettertid har dette uttrykket blitt synonymt med å nå eit vegskilje kor ein må ta eit viktig val, eller å gjere noko som ikkje kan endrast.Ved sida av den vel flegmatiske forklaringa på namnet, er OJKOS (eller οἶκος) òg gamalgresk for familie eller hushald. Og det å vere ein slags musikalsk familie for freelance-musikarar var òg noko av ønsket bak orkesteret – ei slags trygg havn med gode forutsetningar for å skape ny og moderne musikk. Ein ting var å etablere OJKOS, men kjensla av å nå eit vendepunkt kom tilbake til Rotevatn då det var hans tur til å komponere ein heil konsert for OJKOS i mars 2019. Tida var komen for å ta kunstneriske val, og å følgje sitt eige musikalske instinkt. Og når konsertdatoen var satt, og musikken var klar, var det ikkje mogeleg å trekke seg – no måtte terningen kastast på ny. Rotevatn minnast premiere-dagen: ”Det var absolutt ei kjensle av å vere midt i eit terningkast, då eg stod foran publikum på Victoria og skulle presentere musikken min. Ein prosess som var igangsett, og som ikkje kunne omgjerast. Og sjølv om tankane krinsa rundt kva publikum kom til å syntest, var det likevel ei fin kjensle å stå der, når ein hadde ein trygg musikalsk familie i ryggen.”

More

OJKOS- ein famile av unge fremadstormande jazzkomponistar

Ved sida av den vel flegmatiske forklaringa på namnet, er OJKOS (eller οἶκος) òg gamalgresk for familie eller hushald. Og det å vere ein slags musikalsk familie for freelance-musikarar var òg noko av ønsket bak orkesteret – ei slags trygg havn med gode forutsetningar for å skape ny og moderne musikk. Ein ting var å etablere OJKOS, men kjensla av å nå eit vendepunkt kom tilbake til Rotevatn då det var hans tur til å komponere ein heil konsert for OJKOS i mars 2019. Tida var komen for å ta kunstneriske val, og å følgje sitt eige musikalske instinkt. Og når konsertdatoen var satt, og musikken var klar, var det ikkje mogeleg å trekke seg – no måtte terningen kastast på ny. Rotevatn minnast premiere-dagen: ”Det var absolutt ei kjensle av å vere midt i eit terningkast, då eg stod foran publikum på Victoria og skulle presentere musikken min. Ein prosess som var igangsett, og som ikkje kunne omgjerast. Og sjølv om tankane krinsa rundt kva publikum kom til å syntest, var det likevel ei fin kjensle å stå der, når ein hadde ein trygg musikalsk familie i ryggen.”

Komponisjonar av Andreas Rotevatn

Målet for Rotevatn når han komponerer musikk er at den skal vere avansert, men tilgjengeleg. Dette kan jo høyrast ut som ei sjølvmotseiing. Men mange av dei store inspirasjonskjeldene til Rotevatn har klart akkurat dette: anten det er den djupe musikken til Igor Stravinskij; den pompøse musikken til Gustav Holst; det fargerike samarbeidet mellom Miles Davis og Gil Evans; dei overraskande catchy verka til Steve Reich; den storslagne jazzrocken til Camel; det uimotståelege samarbeidet mellom Rod Temperton og Quincy Jones; eller den elektroniske musikken til Daft Punk og Avicii. Dei tre opningsspora, Innsegling og Breidablik 1 & 2, er basert på ein akkordvoicing som før var favoritten til Rotevatn. Sidan han såg på dette som den vakraste voicinga, har låtane fått namn etter bustaden til den vakraste av alle dei norrøne gudane – Balder. Etter Elegi Karmosin, eit stykke kor instruksjonen til trompetistane i OJKOS var ”spel som om de er gamle russiske damer på den kalde tundraen”, kjem to låtar som er inspirert av diverse musikk frå Afrika. Møtet mellom obskur Sør Afrikansk pop, diatoniske brass-akkordar i dur og pentaton-språk frå vest på kontinentet blir fletta saman av ein busstur i eit minimalistisk Steve Reich-landskap. Titlande, It’s South African & West African time, har ikkje ei meir avansert forklaring enn at det er eit ordspel på konseptet med sokalla afrikansk tid – at ein somme tider kan føle at tilnærminga til klokka er noko meir avslappa på det afrikanske kontinentet enn her i norden. So kjem to meir meditative stykker: den lyse Dikt til H, og den introverte Khorovod Prayer. Om desse to stykkene seier komponisten: ”I det første stykket ville eg vise kor vakkert det kan vere med dissonansar. Sjølv om stykket er basert på ein diatonisk cluster-akkord, lagar det likevel rammeverket for eit oppløftande kjærleiksdikt. Det andre stykket er inspirert av både ein del frå Vårofferet og stykket Prayer frå Davis/Evans-samarbeidet Porgy & Bess. Eg føler at det er ein likskap mellom desse to. Eg har ein mistanke om at Miles har høyrt dette stykket, eg veit i alle fall at han var Stravinskij-fan”. Den nest siste komposisjonen på albumet hentar namnet sitt frå låta Helter Skelter på Beatles sitt White Album. Ifølgje hippie-historikarane, var dette ein av låtane som overbeviste massemordaren Charles Manson om at det var ein rasekrig på veg i USA. Etter denne openbaringa sendte han fleira av sine LSD-innsausa følgjarar ut for å drepe. Opningsmelodien på låta er faktisk eit opptak av Manson som syng (og deretter endra med auto-tune i studio), og dei lydklippa som kjem i midten er henta frå nyheitssendingar om han. Etter denne bad tripen av ei låt, munnar albumet ut i ei roleg havn, med den varme og gospel-aktige Snow in Treschow. Ein viktig del av komponeringa til Rotevatn blir gjort i studio i ettertid. Sidan han produserer og mixar sin eigen musikk, tenkjer han ut element i musikken som kun kan ferdigstillast i studio. ”Det å leike med panorering, effektar, volum, reversering av lyd, pålegg av elektroniske element og endring av pitch er ein del av komponeringa, og det er først etter dette er gjort at musikken kjennast fullstendig. Eg syns det passar godt å samanlikne ein dirigent for eit orkester og ein produsent i studio – begge skal ha det musikalske overblikket og dei brukar tida si på å få alle elementa i musikken til å balansere. Kanskje det er derfor eg ikkje blir like provosert som andre av å sjå ein DJ som Avicii stå på ei scene. For meg er han ein slags digital dirigent, som har studioet som sitt orkester – ein moderne kunstnar tenkjer eg.” Det å ha tilgang til eit orkester ein kjenner godt, gjer at ein kan skrive stemmer som kler kvar enkelt musikar. Gjennom snart 1 ½ år med månadlege konsertar har OJKOS-gjengen blitt godt kjend med kvarandre musikalsk. ”Når vi skriv musikk for OJKOS, blir stemmene høgst personlege. Då får ein brukt den beste sida av kvar musikar. Dette er noko mange jazzkomponistar har gjort før, til dømes Duke Ellington” seier Rotevatn. ”So då eg skreiv musikken til alea iacta est var alle stemmene tenkt å skulle vise fram dei ulike musikalske personlegheitane i orkesteret”.

Ei musikalsk reise

På dette abumet får lyttaren ta del i ei musikalsk reise, gjennom ulike sjangrar og stemningar. Kva skjer når alle 16 medlemmane i eit orkester har erfaring med å tenke som ein komponist? Hypotesen til OJKOS er i alle fall at når so mange skal spele og improvisere saman kan det fort bli rotete, men sidan alle har erfaring med å tenke storform, viser OJKOS god evne til å gje plass når det trengs, og ta plass når det er det musikken trenger. Då blir det ein organisk og levande musikerfamilie, som jobbar saman mot eit felles mål om å skape ny musikk og å oppdage nye metodar for samspel. Reine laboratoriumet!

Utgivelsesdato: 29.05.2020

EAN : 7033662095735

Katalognummer: ODINCD9573

Priskategori : CD