Tre år har gått sidan Unni Løvland forrige utgjeving, der me møtte henne i samspel med den spellemannvinnande samtids-bassisten Håkon Thelin (Poing, Oslo Sinfonietta, Ensemble Modern), og glas-duoen Draup. «Hymn» er på fleire måtar ein naturleg vidareføring av prosjektet Unni starta med «Lux»; fortsatt plasser ho folketonar og tradisjonsmusikk inn nye rammer og settingar, men skilnadene frå forrige album er også mange.
Japonismen
I det omfattande tekstheftet som følgjer utgjevinga gjengis kunst av dei norske art noveau-kunstnarane Frida Hansen, Nikolai Astrup, Gerhard Munthe, Andreas Schneider og Oda Krogh. Desse lot seg i siste halvdel av 1800-tallet bli inspirert av Japansk kunst og japonismen. «Likeverdstanken i den japanske kunsten harmonerte med ein av de viktigaste idéane innan art nouveau-stilen om at alle kunstartane skulle spele saman og danne det totale kunstverk. Denne haldninga til kunsten og musikken inspirera meg.» skriv Unni i den innleiande teksten i CD-heftet.
Musikerarane har tatt tak i eksisterande komposisjonar; som Lars Petter Hagens "Hymn", og kombinert den med folkemelodien "Kvilesteinen". "Hikari furu Oto", ein komposisjon av gagaku komponisten Hideki Togi har blitt smelta saman med ord frå Olina Nygård frå Hornindal og ein folketone frå Sykkylven. Unni har også henta inn i prosjektet fleire av dei kjende folkevisene som «Den svalande vind», «Jeg lagde meg så silde» og «Jeg går i tusind tanker», men også Lars Petter Hagens komposisjon «Hymn», og Unnis eigen komposisjon «Vind, kom», som først vart utgjeven på Unnis elektroniske album «Rite». «Magnushymnen», det eldste bevarte fleirstemte norske musikkstykket, dannar nytt tonefølge til Jon Fosses dikt «Ein forkommen dag (A weary day)».
Unni og medmusikarane visar oss korleis det kjende og tradisjonelle endrar karakter når det blir sett i ein ny kontekst.
Om Unni Løvlid:
Songaren Unni Løvlid er ein av våre mest profilerte utøvarar innen folkemusikken, men ho har heilt sidan ho var student også arbeidd med samtidsmusikk. Ho har framført verk av Arne Nordheim, Ørjan Matre og Maja Ratkje, og gjort konsert-samarbeid med bl.a. støy-duoen Fe-Mail. På eksamenskonserten hennar ved Noregs Musikkhøgskule framførde ho Schønbergs «Pierrot Lunaire» frå 1912. Hymn er Unnis femte album-utgjeving.