Tagal er vokalgruppen Kvedarkvintettens tredje album, med musikk komponert av Jorun Marie Rypdal Kvernberg. Tagal kan oversettes til å tie stille, være taus eller ordløs, og verket utfordrer rammene for vokalmusikk ved at tekstelementene er så godt som fraværende. Verket ble urfremført under Førdefestivalen i 2021, og kommer nå endelig ut på CD og digitalt.
Jorun Marie Rypdal Kvernberg forteller:
Fascinasjonen over folkesongarar i samsong har følgt meg heilt sidan eg var ung student. Platene med vokalgruppene Tiriltunga og Dvergmål gjekk om att og om att: – korleis kunne stemmene ligge så tett utan å lage skjerande dissonansar, og korleis kunne desse høgt personlege stemmene smelte så godt saman? Det var mystisk og sjølvsagt på same tid. Og alltid har eg lengta etter å få skape noko i dette landskapet. Det var utgangspunktet for verket Tagal.
Då eg fann ut at Kvedarkvintetten gjerne ville ta i mot musikk komponert av meg, la eg gledeleg ut på ei reise. Utgangspunktet var inspirasjonen frå det eg tidlegare hadde høyrt av folkemusikalsk samsong, men eg hadde også eit ønske å ta Kvedarkvintetten med ut i andre og kanskje nye landskap.
Temaet ordlaus song og tittelen Tagal vaks fram i samtalar. Som felespelar har eg alltid misunnt songarane som har nettopp songteksta å lene seg til, ei historie som gir musikken ei ekstra meining, handling og framdrift og ei openbar moglegheit for å få med seg publikum. Men desse songarane drøymde om det omvendte: å også få vere formidlarar av musikk heilt utan ei tekst som skulle stå fremst og styre alle val. Som framifrå instrumentalistar og dansarar i tillegg til å vere songarar har Kvedarkvintetten hatt ein heilt eigen føresetnad for å få til nettopp dette.
“I 2020 vart vi kontakta av Jorun Marie Rypdal Kvernberg med spørsmål om vi var interesserte i eit verk komponert til oss som kvintett, noko som sjølvsagt var veldig stas.” – forteller Kvedarkvintetten og utdyper videre:
Fram til dette samarbeidet har materialet vårt hatt sitt utspring i songtradisjonen i Hallingdal, med nesten utelukkande tradisjonelt stoff, som vi har arrangert i vår eigen stil. Det å skulle tileigne seg materiale spesialkomponert til Kvedarkvintetten var både utfordrande og gav oss ny inspirasjon. Jorun Marie gav oss verket i noteform og lydopptak. Vi las og lytta, og forma det til vårt uttrykk med tralleord og rytmikk, frasering og stil.
Urfarmføringa fann stad på Førdefestivalen i 2021, etterfulgt av fleire konsertar i året som kom. Seinare kom ønsket om å forevige verket, og no er plata endeleg her – om lag fire år etter.
Då vi skulle spele inn Tagal, ynskte vi å vidareutvikle verket ved å gjere det meir til vårt eige og tilføre nye element. Martin Langlie kom inn i prosjektet med originale idear og brei erfaring, og samarbeidet med han var inspirerande og utviklande for oss som gruppe. Resultatet vart denne versjonen av Tagal. God lytting!