Ro ro til Siraland – Kjersti Wiik

TRAD. : RO, RO TE SIRALAND · NU RINNER SOLEN OPP AV ØSTERLIDE · PÅSKEMORGEN SLUKKER SORGEN · OLA SÅ HEITE GUTEN MIN / VALLARSGVELVEN · PÅL PINEPLASSENSVISA · HO KJERSTI SJØL · KAFFETIDEN OSS PÅMINDER · BÅDE RØTTO OG REVEN OG GRIS`N /mer… DA VA REVEN OG ROTTO OG GRIS`N · RO, RO TE FJORE · NU MÅ BARNET SOVE · SE SOLENS SKJØNNE LYS OG PRAKT · VETLE SØTA MOSSA VÅR · PUS`N SETE PÅ TAKJE · Å KJIPO HO STO PÅ KØLABRØTO · PUST, PUST, PUST, PUST, PALEBROK OG PUST · STERK-ODER · HAN OLA VETLARØ / SLÅTT FRÅ LINDÅS · VELSIGNET VÆR · NU GÅR SOLEN NED · NU SOLEN GÅR NED

Kjersti Wiik, vocal ·Terje Isungset · Laila Kolve · Tellef Kvifte · Øyvind Lyslo · Einar Mjølsnes

– Dette er strilegull. [5/6 Tove Gulbrandsen / BA]

kr 139

Flere folketoner fra Strilelandet

Ro ro til Siraland er Kjersti Wiiks andre utgivelse med tradisjonsmusikk fra Nordhordland. I likhet med det forrige albumet, Strilesølv (1997), er materialet hentet fra det omfattende innsamlingsarbeidet Wiik tok initiativ til i 1994. Til sammen har hun samlet og bevart over 700 folketoner fra Strilelandet og 20 av dem har fått plass på denne utgivelsen. Ro ro til Siraland er ikke en stramt tradisjonsbundet plate, men formidler de nordhordlandske folketonene gjennom et røft og moderne lydbilde. Dette skyldes ikke minst musikerne Wiik samarbeider med: dyktige musikere fra jazz-, rock- og folkemusikkmiljøet som skaper en spennende dynamikk i folketonene. Repertoaret består av bånsuller, barnevers, skjemteviser, slåttestev og religiøse folketoner. Den nyskapende kreativiteten som preger albumet har blitt svært godt mottatt av kritikere og publikum og har gjort tradisjonell musikk tilgjengelig for enda flere lyttere.

Les mer

Kjersti Wiik har henta fram meir av sangskatten i Nord-Hordaland og Strilalandet rundt Bergen.

Ny interesse for gamal songtradisjon

CDen du no lyttar til, er eit resultat av ei mangeårig innsamling av strilesong i bergenstraktene. Heilt fram til slutten av 1950-åra var denne songen ein viktig del av livet til folk, både til kvardags og fest. I takt med samfunnsutviklinga, forsvann gradvis folkemusikken og folkesongen som bruksmusikk. Lenge var den i ferd med å forsvinne heilt. Born og unge på 1970- og 80-talet kjende ikkje til sin eigen songtradisjon. Det var først på 90-talet Kjersti Wiik sjølv vart merksam på at det fanst ein levande folkemusikktradisjon blant strilane. Ho tok difor initiativet til å samla inn vokal folkemusikk i traktene ved Bergen.

Omfattande bevaringsarbeid

Dei siste fem åra har Kjersti Wiik samla inn omtrent 600 vokale folketonar frå desse regionane. Desse songane er overlevert til Arne Bjørndal Samling i Bergen for arkivering. Slik vert dei bevart for etterslekta. Samstundes har ho ivra for å gjera denne kulturarven tilgjengeleg for folk flest. Wiik har difor drive kvedaropplæring gjennom musikkskular og privatundervisnig. Interessa for å læra å syngja på gamlemåten har vorte svært stor. Det har også vorte mykje konsertverksemd på Vest- og Austlandet, – aleine og saman med kjende musikarar som Sondre Bratland og Iver Kleive.

Opphav og moderne uttrykk

Songane som er presentert på denne plata, spenner frå religiøse til meir verdslege folketonar. For å nå lyttarane av i dag, vert songane presentert i eit moderne uttrykk, men likevel er det lagt vekt på å ta vare på den gamle dåmen i dei. Hardingfela og songstemma er dei opphavlege elementa. Medverkande på Ro ro til Siraland er m.a.: Atle Halstensen: piano, Øyvind Lyslo: gitar, Terje Isungset: perkusjon, Mads Eriksen: el- gitar, Elisabeth Vanebo: tuba, Tellef Kvifte og Laila Kolve: fløyter.

Atle Halstensen |Einar Mjølsnes |Elisabeth Vannebo |Kjersti Wiik |Laila Kolve |Linda Røyseth |Mads Eriksen |Øyvind Lyslo |Rolf Prestø |Tellef Kvifte |Terje Isungset |Trad.

Utgivelsesdato:

EAN : 7033662071593

Katalognummer: HCD7159

Priskategori : CD