Komplett turdansserie! I desse dagar blir den femte og siste plata i serien Norske turdansar gitt ut.
– Denne serien vil vere eit viktig bidrag til at musikken og dansen lever vidare som lokal og nasjonal kulturarv, fortel Synnøve Jørgensen, folkedansrådgjevar i Noregs Ungdomslag.
Turdansen
Turdans er eit samleomgrep som femnar om mange dansetypar som kjem frå mange danseslekter. Eit fellestrekk er at dei ofte er bygd opp av delar som kjem i ei fast rekkefølgje. Desse delane har ofte fast lengd og blir kalla turar. Ril, pardansar og dei fleste andre turdansar har levd i folkelege miljø og vore lite påverka av danseskulane. I Noreg er det framfor alt Klara Semb som har arbeidd for turdansen. Tidleg på 1900-talet reiste ho land og strand for å skrive ned det spelemenn og dansarar framleis hugsa. Noregs Ungdomslag vidarefører med denne utgjevinga hennar store livsprosjekt.
– Då Noregs Ungdomslag reviderte rettleiingsbøkene til Klara Semb, har vi også i arbeidet med musikken gått tilbake til kjelda og den lokale tradisjonen, fortel produsent og musikar Vegar Vårdal. Musikken er samla geografisk med utøvarar som har tilknyting til tradisjonen. Musikarar på siste CD-en er Einar Olav Larsen, Vegar Vårdal og fleire.
Om musikarane
Einar Olav frå Verdal er hovudutøvaren på plata. Han kjem frå ein sterk folkemusikkfamilie der både faren Geir Egil og broren Gjermund er profesjonelle folkemusikarar. Han er utdanna ved bl.a. Ole Bull Akademiet på Voss og er i dag ein mykje brukt og allsidig folkemusikar som også har spelt mykje til dans. Einar Olav har tatt opp arven etter den kjende spelemannen Hilmar Alexandersen frå Steinkjer. Han har sin eigen trio og er m.a. med i P.A. Røstads orkester.
Vegar er folkemusikar og dansepedagog av yrke og er utdanna ved Norges Musikkhøgskole. Han har lang røynsle i å spele til dans, har bak seg ei rekkje plateinnspelingar, program på radio og fjernsyn, konsertar og turnear. Vegar er og mykje brukt som instruktør på kurs i spel og dans. Han har vore med på alle platene i denne serien, både som produsent og musikar.