• HCD7317.jpg
  • Kvedarkvintetten10.jpg

Kvedarkvintetten: Julesong – Kvedarkvintetten

01. Jeg ser et lys i Østerland (03:20)
Tekst: Trad/Frida Ånnevik
02. Eit barn er født i Betlehem (03:45)
mer…
Etter Tor K. Villand
03. Maria (03:12)
Etter Tor K. Villand
Tekst: Hans Thomissøn
04. Se i mørket (03:48)
Tekst: Frida Ånnevik
Melodi: Trad
05. Til Betlehem i Judaland (04:58)
Tekst: Bernt Støylen
Melodi: Gunnlaug Lien Myhr
06. Jon med hiten (02:25)
Halling/laus etter Kristian Øvrevollseie
07. Tussen i treet (02:43)
Tekst: Eldgrim Springgard
Melodi: Gunnlaug Lien Myhr
08. Opp gledes alle, gledes nu (02:09)
Etter Tor K. Villand
Tekst: Thomas Kingo
09. No har me pynta vårt juletre (02:50)
Etter Bergljot Eide Svenkerud
10. St. Martins gaver (04:03)
Regle etter Anne Gaptjern
11. I denne søte juletid (04:53)
Etter Knut H. Brennhovd
Tekst: H. A. Brorson
12. Nyttårssalme (02:54)
Trad
Alle songar er arrangert av Kvedarkvintetten, Frida Ånnevik og medmusikarar, unntatt vokalarrangement ved Gunnlaug Lien Myhr (spor 2 og 9)

Kvedarkvintetten: Margit Myhr: vokal, lyre (spor 4), langeleik (spor 11) Sina Myhr: vokal, langeleik (Spor 4 og 11) Helga Myhr: vokal, hardingfele (spor 1, 4 og 5) · Tonje Risdal Liahagen: vokal · Silje Risdal Liahagen: vokal Gjestemusikarar (Spor 1, 2, 4, 5, 7 og 9): Fredrik Luhr Dietrichson: kontrabass · Geir Sundstøl: lap steel, marxophone, national gitar, 12-strengs dobro, gitarbanjo · Hans Hulbækmo: trommer og perkusjon

På albumet Julesong hentar Kvedarkvintetten frem i ljoset tradisjonsrik julemusikk frå Hallingdal. 

kr 139

Julesongar frå Hallingdal.

På albumet Julesong hentar Kvedarkvintetten frem i ljoset tradisjonsrik julemusikk frå Hallingdal. 

I ungdomshuset på Torpo har ungar sunge julesongar for foreldre og andre interesserte, julesongar ein ikkje kunne høyre andre plassar, julesongar ingen andre kunne. Kvedarkvintetten har sitt utspring frå denne barnegruppa, som har fått kyndig undervisning frå Gunnlaug Lien Myhr (Tiriltunga).  «Juletida har for oss, som for mange, vore ei tid for song.» seier medlemmene i Kvedarkvintetten. «Spesielt juletrefesten 3. juledag har sidan 90-talet vore ein viktig dag for julesongane i Hallingdalstradisjonen. Songane har fulgt oss inn i vaksenlivet» seier kvintetten.

På denne plata har dei samla nokre av julesongane frå barndomen, men dei har òg supplert med songar henta frå boka Folkesong i Hallingdal (Gunnlaug Lien Myhr, 2015) som inneheld alt av innsamla vokalmateriale i Hallingdal. I tillegg har dei tinga nye tekstar til to av melodiane på plata frå Eldgrim Springgard og Frida Ånnevik, og slik veks også julesongmaterialet i Hallingdal litt med denne utgjevinga. «Me håpar desse julesongane og salmane kan bli til glede for fleire enn dei få som til no har hatt kjennskap til dei.»

«Julesong» er innspilt i den intime og varme akustikken i Maridalen Kyrkje, saman med dei eminente musikarane Geir Sundstøl (gitar), Fredrik Luhr Dietrichson (kontrabass) og Hans Hulbækmo (trommer og perkusjon). Plata er produsert av Frida Ånnevik som óg har vore arrangør saman med kvintetten. «Ho har inspirert oss og ikkje minst hatt evna til å hente fram nye sider ved oss», seier kvintetten sjølv om samarbeidet.

«Julesong» er ein stemingsmetta og variert lyttararoppleving, men óg eit dokument over en rik tradisjon som fortsatt lev og utviklar seg.

Konsertar:
24.11 Hugnadheim, Torpo
25.11 Nordre Trysil kirke, Trysil
30.11 Riksscenen, Oslo
02.12 Galleri Skredsvig, Eggedal
10.12 Gjøvik
11.12. Ni Muser, Trondheim

Les mer

På albumet Julesong hentar Kvedarkvintetten frem i ljoset tradisjonsrik julemusikk frå Hallingdal. 

To søskenpar

Gruppa består av søskenpara Silje og Tonje Risdal Liahagen og Helga, Sina og Margit Myhr og dei feirar i år 10-års jubileum som kvintett. I 2011 var dei med i NRK TV storsatsinga «Julefolk». Kvedarkvintetten har holdt konsertar i inn og utland og gjort seg bemerka som deltakarar i åpen klasse under Landskappleiken ei rekkje gonger.

Julesongar frå barndomen

På denne plata har dei samla nokre av julesongane frå barndomen, men dei har òg supplert med songar henta frå boka Folkesong i Hallingdal (Gunnlaug Lien Myhr, 2015) som inneheld alt av innsamla vokalmateriale i Hallingdal. I tillegg har dei tinga nye tekstar til to av melodiane på plata frå Eldgrim Springgard og Frida Ånnevik, og slik veks også julesongmaterialet i Hallingdal litt med denne utgjevinga. «Me håpar desse julesongane og salmane kan bli til glede for fleire enn dei få som til no har hatt kjennskap til dei.»

«Julesong» er innspilt i den intime og varme akustikken i Maridalen Kyrkje, saman med dei eminente musikarane Geir Sundstøl (gitar), Fredrik Luhr Dietrichson (kontrabass) og Hans Hulbækmo (trommer og perkusjon). Plata er produsert av Frida Ånnevik som óg har vore arrangør saman med kvintetten. «Ho har inspirert oss og ikkje minst hatt evna til å hente fram nye sider ved oss», seier kvintetten sjølv om samarbeidet.

«Julesong» er ein stemingsmetta og variert lyttararoppleving, men óg eit dokument over en rik tradisjon som fortsatt lev og utviklar seg.

Konsertar

24.11 Hugnadheim, Torpo
25.11 Nordre Trysil kirke, Trysil
30.11 Riksscenen, Oslo
02.12 Galleri Skredsvig, Eggedal
10.12 Gjøvik
11.12. Ni Muser, Trondheim

Fredrik Luhr Dietrichson |Frida Ånnevik |Geir Sundstøl |Hans Hulbækmo |Helga Myhr |Kvedarkvintetten |Margit Myhr |Silje Risdal Liahagen |Sina Myhr |Tonje Risdal Liahagen |Trad.

Utgivelsesdato:

EAN : 7033662073177

Katalognummer: HCD7317

Priskategori : CD