Det heile starta med at Ellen – mor til Odd – dreiv ei lita reiselivsbedrift og hadde funne ut at denne gjengen skulle sendast til Tyskland for å reklamere for Noreg som reisemål. Då gjengen kom heimatt var det fleire som ville høyre kva dei hadde øvd seg på i Tyskland. Fyrst sporadisk, men etter kvart balla det på seg med både skulekonsertar og festivalar, TV, radio og fleire utanlandsturar. Etterkvart kom det på tale å spele inn plate, der fyrstesporet «Tippe tippe tuve» gjekk til topps på Norsktoppen og så smått kom dei også litt ut av folkemusikkens emneområde og blei ei av dei fyrste gruppene av dette slaget som spelte på By:larm.
Blåmann Blåmann klarte å gjere tradisjonsmusikken tilgjengeleg for endå fleire lyttarar gjennom sine leikne og energiske sceneopptredenar, kreative arrangementer og suverene samspel. Den lokale, solistiske folkemusikken fekk akkordar og blei skrudd saman og tilpassa eit meir moderne bandformat. Idé og gjennomføring blei godt motteke, og publikum strøymde til lokala langs vegen dei fór. Men etter fem år med konsertar for stapp- og halvfulle hus i inn- og utland blei det brått slutt. Då byrja Silje på mastergrad, Lars fekk seg stresskoffertjobb, Asgaut fekk seg kulturjobb og Odd blei popstjerne.
No er det 20 år sidan albumet deira kom ut, og det skal feirast. Albumet kjem i nymiks, med ekstraspor, i ei innhaldsrik innpakning, på dobbel vinyl.