Eg trur det har noko med det dei som har levd føre meg, og som eg kjem frå, har å seia meg. Det er også lyden av deira liv eg høyrer, som det òg er lyden av mitt liv. For meg, slik kjennest det ut, er det hardingfelemusikken som best tek vare på mine døde, til dømes slik den lèt seg høyra på Benedicte Maurseths cd Alde.
– Jon fosse
Ein allsidig og mangslungen kunstnar
Benedicte Maurseth (f.1983), frå Eidfjord i Hardanger, er i dag busatt i Bergen som frilansmusiker. Ho byrja å spele hardingfele frå ho var sju år gamal hjå sin meister Knut Hamre og tradisjonsmusikken frå Hardanger er hennar spesialfelt som ho også har studert ved Ole Bull Akademiet. I dei seinare årene har ho også arbeida som songer og sjølv om det er den solistiske musikken som står hennar hjarte nærmast, arbeider ho også med mange av dei fremste kunstnarar på tvers av sjangrer, særleg innan tidlegmusikken, men også mykje saman med forfattarar og skodespelarar – til dømes; Jon Fosse, Svein Tindberg, Anne Marit Jacobsen, Knut Hamre, Nils Økland, Berit Opheim og Gabriel Fliflet, for å nemne nokon
Maurseth har hatt ei djup interesse for barokkinstrument og har i fleire år arbeida med gamle 1700-talls hardingfeler, ho brukar tarmstrenger og barokkbogar og har i den siste tida også byrja å utforske viola d´amore. Ho har turnera mykje for Rikskonsertene kring heile Noreg og helde ei rekkje solo konsertar på festivalar i USA, Canada, Belgia, Island, Tyskland m.m.
Maurseth er ein allsidig og mangslungen kunstnar som arbeider på tvers av kunstnariske sjangrar og landegrenser, og har tidlegare utgjeve to kritikarroste CD-er; Rosa i botnen (2006) og Fodne ho svara stilt (2008).