Vis handlekurv «Eg kan» er lagt til handlekurven din.

VISOR OG KVÆDE FRÅ BLÅBERGLANDET – Dvergmål

TRAD. : GAGNLØYSA (Arr.: Eivind Groven) · NAVNE PÅ MUND · ELSKHUGSSTEV · ELSKHUGSKVÆDE · GRØNLANDSREISA · STEVLEIK · GAMLE VONER · HUGEN (Arr.: Eivind Groven) · VÅRDAGEN · OSLO TIL BERGEN · HER ER DET LAND · FURTEVISA · PÅ BYVEGEmer…N · SAKNAD · "UPP AV KRAKKEN!" · MIDTSUMARKVELD · UT PÅ VEGOM (All lyrics: Ivar Aasen)

Dvergmål: Jon Anders Halvorsen, Marit Karlberg, Øyonn Groven Myhren, Turid Spildo Nerdrum, Åsne Sunniva Søreide

Spellemannsnominert debutpate fra Dvergmål

kr 139

Spellemannsnominert debutpate fra Dvergmål

Visor og kvæde frå Blåberglandet presenterer tonesatte tekster av Ivar A. Aasen (1813–1896). Dvergmål fikk mye ros for sitt friske og nytenkende uttrykk og ble av flere kritikere presentert som et av de mest spennende folkemusikkprosjektene på lenge. Platen ble også nominert til en Spellemannpris i klassen Folkemusikk/Gammaldans. Folkesang og folkemusikk var et viktig utgangspunkt for Aasens arbeid og ofte brukte han tradisjonelle verseformer i diktningen. Utgivelsen blander sammen og leker med lokale, folkemusikalske tradisjoner og formidler Aasens tekster ut ifra nye og særegne perspektiver. Albumet veksler mellom enstemt og flerstemt kvedesang og viser spennende og særegne vokalprestasjoner. Medlemmene i Dvergmål har bakgrunn i ulike, regionale folkemusikktradisjoner som alle har spilt en viktig rolle i arbeidet med arrangementene.

More

Tonesatte tekstar av Ivar Aasen

Arven etter Ivar Aasen

Ivar Aasen var nær knytt til det folkelege i tekst og tone, ei side Dvergmål ha dyrka. Dei fem unge talentfulle utøvarane i Dvergmål kved “visor”, “rim”, “stev” og “kvæde” av Ivar Aasen til nedervde melodiar. Aasen-tekstene høver folketonedrakta – samstundes dreg dei gamle tonane næring frå Aasens klåre sanningsmetta dikting. Dvergmål og Ivar Aasen utgjer ei pakt der felles bakgrunn gir gjensidig forståing og gode vekstvilkår. At aldersspriket er stort – Ivar Aasen døydde som kjend den 23. september for 100 år sidan, – har lite å seie i samanhengen. Ivar Aasen er vèl kjend som skapar av det nynorske skriftmålet og grunnleggjar av den nynorske bokheimen.

Dvergmål – tradisjon og nyskaping

Vokalgruppa Dvergmål er ei nyhending i norsk musikkliv. Utøvarane i gruppa – Jon Anders Halvorsen, Marit Karlberg, Øyonn Groven Myhren, Turid Spildo Nerdrum og Åsne Sunniva Søreide – står for det beste i eit livssterkt folkemusikkmiljø. Dei har bakgrunn i 5 tradisjonar med utspring i Midt- Telemark (Jon Anders), Valdres (Marit) Vest-Telemark (Øyonn), Hardanger (Turid) og Sunnhordland (Åsne). Våren 1995 kom dei fem kvedarane frå aust og vest for å vere i lag og kvede for og til kvarandre. Dette utvikla seg etterkvart til kvedargruppa Dvergmål. Dei kved åleine men helst saman, einstemt – men oftare fleirstemt. I tillegg spelar dei hardingfele, langeleik, munnharpe og seljefløyte. Dei har folkemusikken heimanfrå, og har gjennom eit og eit halvt års samarbeid utvikla tradisjonen på ein eigen måte.

I Aust-Europa har folkesongarar lenge drive med fleirstemt kveding, Dvergmål representerer byrjinga på noko liknande i Noreg. Gruppa byggjer ut visene sine med utgangspunkt i samklangsprinsipp om melodiføring i hardingingfelespel, langeleik- og seljefløytespel, – og dei held fast ved eigne særdrag, blå tonar og utrosingar. I “rootsbølgja” som spreier seg over verda, er det ofte musikarar frå andre genrar som tek tak i folkemusikken og utnyttar han på ulike vis.

På Visor og kvæde frå Blåberglandet har folkemusikarar teke hand om dei nedervde tonane og bygd dei ut med grunnlag i eigen tradisjon. Dvergmål tykkjer det høver bra å debutere med å kvede tekster av Ivar Aasen. Han utvikla den kunstneriske uttrykksforma med rot i folketradisjonen, slik Dvergmål gjer det.

Åsne Sunniva Søreide |Dvergmål |Jon Anders Halvorsen |Leiv Solberg |Øyonn Groven Myhren |Trad. |Turid Spildo Nerdrum

Utgivelsesdato: 23.09.1996

EAN : 7033662041213

Katalognummer: GRCD4121

Priskategori : CD