Vis handlekurv «Landet bortanfor landet – Område 51» er lagt til handlekurven din.

Landet bortanfor landet – Område 51 – Morten Qvenild

Side A
01 Undergrunn 07:51
02 Morgonfuglen 08:52
mer…

Side B
01 Ørkentreet 07:27
02 Då den vesle kom 06:48
Side C
01 Dans Dans Dans 06:11
02 Hjarte av glas 07:34

Side D
01 Alternativ stjernehimmel 07:28
02 Ny dag 05:57

Songar & arrangement: Morten Qvenild
Norwegian Lyrics: Frode Grytten
Engelske tekstar: Morten Qvenild

Morten Qvenild: Song, hyperpiano & maskinar · Frode Grytten: Røyst ·Ivar Grydeland: Pedal Steel, gitar og banjo · Hanne Hukkelberg: Song

Eit politisk og akutt viktig verk av Frode Grytten og Morten Qvenild.

kr 300

Sjanger: Jazz

Nå lanserast endeleg tingingsverket frå Energimølla og Kongsberg Jazzfestival som både dobbel LP (Grappa Musikkforlag) og bok (Forlaget Oktober).

Område 51, eller Area 51 er namnet på eit hemmeleg område i Nevada, der det amerikanske forsvaret testar ut fly og våpensystem. Det er også eit kontrollsenter for avanserte droner. Her blei det legendariske U2-flyet prøvd ut, og viktige delar av teknologien bak måneferdene utvikla. Musikken til Qvenild utspelar seg i dette landskapet, ein stad der ørkenkøntri og tekno lever side om side. Han har invitert med seg røynde medmusikantar frå sin fødeby Kongsberg: Hanne Hukkelberg og Ivar Grydeland (Huntsville, Dans les Arbres). Musikken vil spegle delinga mellom det naturlege og det menneskeskapte, det dynamiske og det kontrollerte.

More

Landet bortanfor landet

Vi lever midt i ein krig, ein krig vi ikkje ein gong får auge på, fordi han ikkje blir utkjempa på den tradisjonelle slagmarka. Denne krigen blir utkjempa under bakken og oppe i lufta, med maskinar, kablar, fiber, satelittar, dronar. Det er ein hemmelig krig, klassifisert og usynlig, budsjetta er ikkje underlagt demokratisk kontroll.
Dei stridande opererer på svarte område, stadar som ikkje er plotta inn på kartet, i landet som finst bortanfor landet. Krig er blitt ein blodflekk som har trekt så djupt inn i kvardagen at han er farga på same vis som alt rundt seg, som del av eit vanlig plagg. Vi lever med krigen, slik fisken lever i vatnet.
Verket ”Landet bortanom landet” tematiserer i ord og musikk denne utviklinga, og viser korleis krig i dag er blitt ei usynlig verd. Det uttrykker ei frykt for at vi ikkje lenger kan opponere mot krigen, fordi han ikkje finst. Vi diskuterer ikkje utviklinga av nye system for å drepe kvarandre, eller militariseringa av himmelrommet, eller dei enorme militærbudsjetta.
Dei fleste av oss veit ingenting om programma som er sett i gang og som verkar utanfor oss. ”Landet bortanfor landet” tar oss med til området som er befolka med personell som skal forsvare oss, men som gjerne burde skremme oss meir enn noko anna på kloden.

Frode Grytten

Frode Grytten (f. 1960) debuterte i 1983 med diktsamlinga Start. Sidan har han skrive bøker i dei fleste sjangrar og har fått eit stort lesande publikum. Bikubesong (1999) blei tildelt Brageprisen og innstilt til Nordisk Råds litteraturpris, Flytande bjørn (2005) fikk Rivertonprisen og Rom ved havet, rom ved sjøen (2007) blei hedra med Nynorsk litteraturpris og Melsomprisen. I 2014 debuterte Grytten som dramatikar med stykket Sånne som oss på Den Nationale Scene. Bøkene hans er oversette til ei rekke språk. Grytten tildelt Bjørg Vik-prisen 2017 for sitt forfatterskap.

Morten Qvenlid

Morten Qvenild (f. 1978) har ei lang liste med prosjekt og utgjevingar bak seg. I perioden 2000-2003 var han medlem i Jaga Jazzist. Saman med vokalisten Susanna Wallumrød gav han ut fleire plater under namnet Susanna and the Magical Orchestra. Eit anna viktig band i Qvenilds karriere er kvartetten Shining som har hatt utstrakt turnévirksomhet både nasjonalt og internasjonalt, og gitt ut flere CD-er. Han har også turnert med Nils Petter Molvær, Bertine Zetlitz, Solveig Slettahjell og A-ha. Trioen In The Country vart tinga i 2003 og er fortsatt aktiv, og i 2015 gav han ut soloalbumet «Peronal Piano» som vart nominert til Spellemann i åpen klasse og som han mottok TONOs Edvardpris for.

Morten Qvenild

Utgivelsesdato: 08.11.2019

EAN : 7033661046516

Katalognummer: GRLP4651

Priskategori : LP