Blått svev – Benedicte Maurseth

01. Førespel 01:43
02. Det var lenge sidan 02:26
03. Det er ikkje så lenge sidan 00:58
mer…
04. Kvarandre 00:36
05. vi fell gjennom regnet 00:58
06. Jamne bølgjer 00:53
07. Hender som held 00:42
08. I alt dette som er og forsvinn 01:38
09. (så vakkert kledd i grått) 01:14
10. Alle ser 02:12
11. Johannes-gangaren 03:20
12. Svevnens kjærleik 00:47
13. du er så tydeleg 00:36
14. Tre gonger vatn 04:41
15. sov de mine kjære 01:55
16. Det går og går 01:43
17. Ei stadig riving sund 01:22
18. Dei ser kvarandre komme gåande imot kvarandre 01:41
19. (båt i mørker) 01:23
20. usynlege hender leier oss 01:46
21. Lata regnet pusta 01:02
22. Den gamle mannen 01:01
23. ho står i sitt eige mørker 01:54
24. (trø forsiktig) 01:16
25. sola skal skine 01:14
26. Det mørknar 00:41
27. Lysande mørker 02:17
28. Strandebarm, Hardanger 01:31
29. under den lysande himmelens auge 02:26

Alle dikt og essay er skrivne av Jon Fosse og er henta frå bøker utgjevne av Det Norske Samlaget. Hildegun Riise står for tekstlesing og tekstutval. Dikta er henta frå samlingane Stein til stein (2013) Auge i vind (2003), Nye dikt (1997) og Hund og engel (1992). Essayet Tre gonger vatn er henta frå Gnostiske Essay (1999).
Musikk på spor 8, 11 og 27 er av Benedicte Maurseth (hardingfele).
Musikk på spor 5, 6, 10, 17, 25 og 29 er av Stein Urheim (el-gitar,
elektronikk, langeleik).
Musikk på spor 1, 2, 3, 14, 15, 16, 20, 21, 23 og 28 er av Benedicte
Maurseth og Stein Urheim (TONO).

Totaltid: 46:09

Hildegun Riise: recitation, Benedicte Maurseth: Hardanger fiddle, Stein Urheim: guitar

På den forseggjorte utgjevinga "Blått svev" les ho dikt av Jon Fosse til nykomponert musikk av Benedicte Maurseth og Stein Urheim.

kr 399

Fosse til nytt tonefølge

"Jon Fosse er ein unik diktar som gjev oss språk for det språklause", seier skodespelar Hildegun Riise om Fosses forfattarskap. På den forseggjorte utgjevinga "Blått svev" les ho dikt av Jon Fosse til nykomponert musikk av Benedicte Maurseth og Stein Urheim. I jubileumsåret for Jon Fosse har dei samla nokre av hans finaste dikt og gitt dei ny musikalsk innpakking. Utgjevinga kjem i ei vakkert utforma bok, med alle tekstane og biletkunst av Sissel Efjestad.

More

Jon Fosse er ein unik diktar som gjev oss språk for det språklause, seier skodespelar Hildegun Riise om Fosses forfattarskap. På den forseggjorte utgjevinga "Blått svev" les ho dikt av Jon Fosse til nykomponert musikk av Benedicte Maurseth og Stein Urheim. I jubileumsåret for Jon Fosse har dei samla nokre av hans finaste dikt og gitt dei ny musikalsk innpakking. Utgjevinga kjem i ei vakkert utforma bok, med alle tekstane og biletkunst av Sissel Efjestad.

Jon Fosse skriv om fjorden, døden og kjærleiken. Den kvardagslege verda som blir dikta fram, er det berre Fosse, med sin særeigne signatur, som kan skapa. For over den finst ein stor himmel, og i alt han skriv, er det sterke band til det vestlandske.

Menneskeleg sanning

Likevel ber litteraturen hans i seg ei menneskeleg sanning som viser seg å vera gyldig i store delar av verda. Tekstutvalet til denne utgjevinga er det Hildegun Riise som står for. Ho har valt dikt som lenge har vore som skattar for henne, men òg tekstar som har festa seg i henne gjennom denne innspelinga; dikt som er fylte med kjærleik og lys, einsemd, død og trøyst. Med andre ord dikt som set ord på noko djupt universelt og menneskeleg. Jon Fosse er ein unik diktar som gjev oss språk for det så å seia språklause. Hardingfelespelar og komponist Benedicte Maurseth og gitarist og komponist Stein Urheim er ansvarlege for nye musikalske tolkingar og komposisjonar til Fosses poesi.
Alle tre har òg tidlegare arbeidd med hans mangslungne tekstunivers.
Utgjevinga lanseras med framsyningar på Det Norske Teatret, Fossedagane og Litteraturhuset i Bergen.
Framsyningar:
17. September – Det Norske Teatret Scene 2, Oslo
18. September – Det Norske Teatret Scene 2, Oslo
21. September – Fosse dagane, Strandebarm
26. September – Litteraturhuset, Bergen

Benedicte Maurseth |Stein Urheim

Utgivelsesdato: 21.02.2020

EAN : 7033662046478

Katalognummer: GRCD4647