Jon Fosse er ein unik diktar som gjev oss språk for det språklause, seier skodespelar Hildegun Riise om Fosses forfattarskap. På den forseggjorte utgjevinga “Blått svev” les ho dikt av Jon Fosse til nykomponert musikk av Benedicte Maurseth og Stein Urheim. I jubileumsåret for Jon Fosse har dei samla nokre av hans finaste dikt og gitt dei ny musikalsk innpakking. Utgjevinga kjem i ei vakkert utforma bok, med alle tekstane og biletkunst av Sissel Efjestad.
Jon Fosse skriv om fjorden, døden og kjærleiken. Den kvardagslege verda som blir dikta fram, er det berre Fosse, med sin særeigne signatur, som kan skapa. For over den finst ein stor himmel, og i alt han skriv, er det sterke band til det vestlandske.
Menneskeleg sanning
Likevel ber litteraturen hans i seg ei menneskeleg sanning som viser seg å vera gyldig i store delar av verda. Tekstutvalet til denne utgjevinga er det Hildegun Riise som står for. Ho har valt dikt som lenge har vore som skattar for henne, men òg tekstar som har festa seg i henne gjennom denne innspelinga; dikt som er fylte med kjærleik og lys, einsemd, død og trøyst. Med andre ord dikt som set ord på noko djupt universelt og menneskeleg. Jon Fosse er ein unik diktar som gjev oss språk for det så å seia språklause. Hardingfelespelar og komponist Benedicte Maurseth og gitarist og komponist Stein Urheim er ansvarlege for nye musikalske tolkingar og komposisjonar til Fosses poesi.
Alle tre har òg tidlegare arbeidd med hans mangslungne tekstunivers.
Utgjevinga lanseras med framsyningar på Det Norske Teatret, Fossedagane og Litteraturhuset i Bergen.
Framsyningar:
17. September – Det Norske Teatret Scene 2, Oslo
18. September – Det Norske Teatret Scene 2, Oslo
21. September – Fosse dagane, Strandebarm
26. September – Litteraturhuset, Bergen