Albumet Systerspel kuratert av Benedicte Maurseth, er meint som ein oppfølgjar til samlealbumet Meisterspel frå 1997 utgjeve på Heilo. Albumet Meisterspel vart den gong utgjeve i samband med boka Hardingfela, og inneheldt slåttespel framført av tjuetre ulike felespelarar, men der diverre ingen av dei utvalde utøvarane var kvinner.
Albumet Systerspel gjev denne gong plassen til spelekvinnene, og inneheld tidlegare utgjevne innspelingar med alt frå Kristiane Lund frå 1919, den fyrste spelekvinna som spelte inn hardingfele på grammofonplater, til Helga Myhr og hennar solo-album frå 2020. I tillegg kjem ei rekkje andre meisterspelarar som Signe Flatin Neset, Mari Eggen, Annbjørg Lien, Susanne Lundeng, Britt Pernille Frøholm med fleire.
Mange av spelekvinnene som er å høyra på albumet Systerspel, kan ein lese om i boka med same tittel.
Systerspel I og II inneheld innspelingar gjort mellom 1919 og 2020 av spelekvinnene Kristiane Lund, Sigrid Stubsveen, Borgny Eide Tallerås, Jorun Marie Rypdal Kvernberg, Britt Pernille Frøholm, Helga Myhr, Signe Flatin Neset, Åse Teigland, Brita Eldegard Nesje, Bergit Tjønn, Annbjørg Lien, Sarah-Jane Summers, Susanne Lundeng, Jenny Grønli Farestveit, Johanne Flottorp, Synnøve Bjørset, Honndalstausene, Ingeleiv Kjerland Kvammen, Gro Marie Svidal, Mari Eggen, Torbjørg Aas Gravalid, Ragnhild Furebotten, Ingebjørg Åkre Rysstad og Tone Li Mo.
Benedicte Maurseth, hardingfelespelar, komponist og forfattar, er ein etablert og anerkjend utøvar frå Eidfjord i Hardanger. Ho har gått i lære hjå meisterspelemannen Knut Hamre gjennom fleire tiår, og har turnert i omfattande grad som solist i Norge og internasjonalt. Ho samarbeidd med mange av dei framste kunstnarar på tvers av sjangrar som Nils Økland, Marilyn Crispell, Rolf Lislevand, Jon Fosse og Anne Marit Jacobsen. Maurseth har fleire tingingsverk bak seg, mellom anna for teater, film, og fleire album. For verket Tidekverv, uroppført i 2017, vart ho tildelt NOPA sin musikkpris, og hennar spesialskrivne song «Very full» for Marvel Studio i Hollywood til TV-serien Loki, kom mellom anna høgt på Billboard-lista. Maurseth har òg spelt inn fleire album for Grappa Musikkforlag (Hubro & Heilo) og ECM Records, og har i tillegg gjeve ut bøker, artiklar og essay. Hennar siste album Hárr vart nyleg tildelt den prestisjetunge prisen Nordic Music Prize for 2022.