• Cover_OJKOS_mensa rotunda
  • 01 Rotevatn ute 1_foto Bjørnar Sira
  • 01 OJKOS svart m_plante_Foto Signe Fuglesteg Luksengard

Mensa Rotunda – OJKOS & Andreas Rotevatn

1. Safari Sundowner
2. Drosa is real!
3. Ridderrast
mer…
4. A Sackbut QAnon
5. Morning in Novgorod
6. Den etiopiske trekkspelar
7. Einsemdi
8. Fjordingen I
9. Fjordingen II
10. Lancelot & Guniver

OJKOS: Henriette H. Eilertsen: Flute / alto flute (solo 1, 6) • Camilla Hole: Soprano saxophone (solo 8) • Tina Lægreid Olsen: Baritone saxophone / bass clarinet (solo 7, 10) • Richard Köster: Trumpet (solo 9) • Tancred Heyerdahl Husø: Trumpet • Lyder Øverås Røed: Trumpet (solo 2) • Magnus Murphy Joelson: Trombone • Johannes Fosse Solvang: Trombone • Andreas Rotevatn: Trombone, FX (solo 4, 9, 10) • Arne Martin Nybo: Guitar (solo 3) • Mike McCormick: Guitar / laptop • Kristoffer Håvik: Rhodes / Synthesizer • Alexander Hoholm: Electric Bass • Knut Kvifte Nesheim: Vibraphone (solo 6) / Marimba • Eivind Helgerød: Drums

På albumet “Mensa Rotunda” med komponistkollektivet OJKOS får ein smake på lyden av eit stort jazzensemble i 2022 med komposisjonar av den Spellemann-nominerte nordfjordingen Andreas Rotevatn.

kr 176

Clear selection

På albumet “Mensa Rotunda” med komponistkollektivet OJKOS får ein smake på lyden av eit stort jazzensemble i 2022 med komposisjonar av den Spellemann-nominerte nordfjordingen Andreas Rotevatn.

Les mer

«Ti sed og skik forandres meget, alt som tiderne lider og menneskenes tro forandres og de tænker anderledes om mange ting. Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dage»

På denne måten avsluttar Sigrid Undset boka Fortællinger om Kong Artur og ridderne av det runde bord frå 1915.

Kva musikk finner ein på denne plata: Storband møter Avicii møter Stravinskij i ein dans med Snorre Sturlasson? Eller er det kanskje berre summen av alt komponist og trombonist Andreas Rotevatn diggar? Uansett, velkomen til hoff på slottet Camelot.

Kong Arthur samla riddarane sine på Camelot ved eit rundt bord – på latin Mensa Rotunda – som eit symbol på at alle ved dette bordet skulle vere likeverdige, og få kome med sine tankar og innspel. Oppstarten av komponistkollektivet OJKOS hadde noko av den same filosofien: her går kunstnerisk leiarskap på rundgang, og alle 14 i orkesteret skal få kome til orde.

Komposisjonar av Andreas Rotevatn

På denne plata finner ein komposisjonar av nordfjordingen Andreas Rotevatn. Dette er andre gong vestlendingen gjev ut ei plate med sin musikk for OJKOS. Den førre plata, alea iacta est, gav han ein nominasjon til Spellemannsprisen i kategorien Tonos komponispris.

Rotevatn har òg produsert plata, denne gongen i samråd med ei av hans inspirasjonskjelder: Lars Horntveth, mest kjend frå Jaga jazzist.

I tillegg til OJKOS sine faste 14 frilanserar (eit ord som for øvrig stammar frå middelalderen, og omtalte ein ridder som ikkje tjente ein fast herre), har bandet med Eivind Helgerød som gjest. Han er både ein framifrå trommeslagar, og ein suksessfull produsent. Mellom anna har han produsert dei to første platene til Emilie Nicolas, og Cezinando sitt seinaste album.

Musikken på plata hentar inspirasjon frå mang ei kjelde, men alltid med ein groovy beat som følgesven. So på plata kan ein ta ein dans i møte med: 

  • Safari Sundowner: ein sørafrikansk drink ved solgongsleite 
  • Drosa is real!: Jakta på den mytiske idealkvinne frå ferdaminna til Aasmund Olavsson Vinje 
  • Ridderrast: kor skeive taktartar viser seg å vere dansbare dei òg 
  • A Sackbut QAnon: ein kanon med auditiv referanse til den 500 år gamle versjonen av trombona 
  • Morning in Novgorod: kor ein ung Olav Tryggvason vert oppdaga på ein marknadsplass i Russland 
  • Den etiopiske trekkspelar: inspirert av då ein kar frå Etiopia tok med seg trekkspelet sitt til junaiten 
  • Einsemdi: ein bit barokk Buxtehude  
  • Fjordingen I & II: litt trav og påfølgande galopp med den blakke fjordingen 
  • Lancelot & Guniver: om då Kong Arthur sin mest trufaste ridder viste seg å ha ei affære med dronninga, som igjen førte til ein blodig borgerkrig og slutten på det runde bord  
Eivind Helgerød

Utgivelsesdato:

EAN : 7033662095803, 7033661095804

Katalognummer: ODINCD9580

Priskategori : CD, LP