Tonesatte tekstar av Ivar Aasen
Arven etter Ivar Aasen
Ivar Aasen var nær knytt til det folkelege i tekst og tone, ei side Dvergmål ha dyrka. Dei fem unge talentfulle utøvarane i Dvergmål kved “visor”, “rim”, “stev” og “kvæde” av Ivar Aasen til nedervde melodiar. Aasen-tekstene høver folketonedrakta – samstundes dreg dei gamle tonane næring frå Aasens klåre sanningsmetta dikting. Dvergmål og Ivar Aasen utgjer ei pakt der felles bakgrunn gir gjensidig forståing og gode vekstvilkår. At aldersspriket er stort – Ivar Aasen døydde som kjend den 23. september for 100 år sidan, – har lite å seie i samanhengen. Ivar Aasen er vèl kjend som skapar av det nynorske skriftmålet og grunnleggjar av den nynorske bokheimen.
Dvergmål – tradisjon og nyskaping
Vokalgruppa Dvergmål er ei nyhending i norsk musikkliv. Utøvarane i gruppa – Jon Anders Halvorsen, Marit Karlberg, Øyonn Groven Myhren, Turid Spildo Nerdrum og Åsne Sunniva Søreide – står for det beste i eit livssterkt folkemusikkmiljø. Dei har bakgrunn i 5 tradisjonar med utspring i Midt- Telemark (Jon Anders), Valdres (Marit) Vest-Telemark (Øyonn), Hardanger (Turid) og Sunnhordland (Åsne). Våren 1995 kom dei fem kvedarane frå aust og vest for å vere i lag og kvede for og til kvarandre. Dette utvikla seg etterkvart til kvedargruppa Dvergmål. Dei kved åleine men helst saman, einstemt – men oftare fleirstemt. I tillegg spelar dei hardingfele, langeleik, munnharpe og seljefløyte. Dei har folkemusikken heimanfrå, og har gjennom eit og eit halvt års samarbeid utvikla tradisjonen på ein eigen måte.
I Aust-Europa har folkesongarar lenge drive med fleirstemt kveding, Dvergmål representerer byrjinga på noko liknande i Noreg. Gruppa byggjer ut visene sine med utgangspunkt i samklangsprinsipp om melodiføring i hardingingfelespel, langeleik- og seljefløytespel, – og dei held fast ved eigne særdrag, blå tonar og utrosingar. I “rootsbølgja” som spreier seg over verda, er det ofte musikarar frå andre genrar som tek tak i folkemusikken og utnyttar han på ulike vis.
På Visor og kvæde frå Blåberglandet har folkemusikarar teke hand om dei nedervde tonane og bygd dei ut med grunnlag i eigen tradisjon. Dvergmål tykkjer det høver bra å debutere med å kvede tekster av Ivar Aasen. Han utvikla den kunstneriske uttrykksforma med rot i folketradisjonen, slik Dvergmål gjer det.