Per Arne Glorvigen

Per Arne Glorvigen kjem ifrå Dovre og vert rekna som ein av dei viktigaste bandoneon-spelarane i sin generasjon. Han gjekk ut frå Noregs Musikkhøgskule i 1987 med akkordeon som hovudinstrument og reiste deretter til Paris der han vart elev av den Argentinske bandoneonvirtousen Juan José Mosalini. Etter tre år med omskolering/studiar hjå Mosalini og etter fleire opphald i Buenos Aires byrja Glorvigen verksemda si som profesjonell bandoneonist. Møter med Tango-legender som Astor Piazzolla, Horacio Salgán, Osvaldo Pugliese og Horacio Ferrer…

Sorter etter:

Per Arne Glorvigen kjem ifrå Dovre og vert rekna som ein av dei viktigaste bandoneon-spelarane i sin generasjon. Han gjekk ut frå Noregs Musikkhøgskule i 1987 med akkordeon som hovudinstrument og reiste deretter til Paris der han vart elev av den Argentinske bandoneonvirtousen Juan José Mosalini.

Etter tre år med omskolering/studiar hjå Mosalini og etter fleire opphald i Buenos Aires byrja Glorvigen verksemda si som profesjonell bandoneonist. Møter med Tango-legender som Astor Piazzolla, Horacio Salgán, Osvaldo Pugliese og Horacio Ferrer vart avgjerande. I tillegg til å spela tango har Glorvigen freista å utvide bandoneon-repertoiret med barokk, kletzmer, pop og ikkje minst samtidsmusikk. Komponistane Willem Jeths (Nederland), Bernd Franke (Tyskland), Luis Naon (Frankrike/Argentina) og Henrik Hellstenius har alle komponert konsertar for bandoneon og orkester tinga av Glorvigen (Urframføringar i Concertgebouw 2001, Gewandhaus 2003, Radio France 2005 og Ultimafestivalen 2008). Glorvigen har spelt med mellom anna gitaristen Gøran Søllscher, cellistane Natalie Clein, Tormod Dalen og Nicolas Altstaedt, strykekvartettane Apollon Musagète, Leipziger, Maxwell og Alban Berg. Orkester som: Staatskapelle Dresden, BBC Symphony Orchestra, Orchestra Guiseppe Verdi Milano, Det Russiske Nasjonalorkester, Les Solistes de l’Orchestre de Paris og dei viktigaste symfoni og kammerorkestra i Skandinavia.