{"id":803,"date":"2005-01-03T00:00:00","date_gmt":"2005-01-02T23:00:00","guid":{"rendered":"http:\/\/www.grappa.no\/albums\/uncategorized\/vita\/"},"modified":"2016-08-16T08:35:52","modified_gmt":"2016-08-16T07:35:52","slug":"vita","status":"publish","type":"product","link":"https:\/\/grappa.no\/no\/albums\/heilo\/vita\/","title":{"rendered":"Vita"},"content":{"rendered":"<p><\/p>\n<p>Overjordisk vakkert fr\u00e5 L\u00f8vlid<\/p>\n<p>VITA er ei vakker og sakral utgjeving som byggjer p\u00e5 stemma til Unni L\u00f8vlid, og p\u00e5 n\u00e6rveret og intensiteten hennar. Innspelinga er gjort av Helge Sten i Emanuel Vigelands mausoleum, eit rom med fabelaktig akustikk, stemning og etterklang. \u2013 Eg har dr\u00f8ymt om \u00e5 syngje i dette rommet i fleire \u00e5r, seier folkesongaren til Ballade. \u2013 Eg har valt musikk som krev tid. Denne musikken treng rom og stille. 13 religi\u00f8se folketonar utgjer materialet p\u00e5 plata, og Unni har eit s\u00e6rskild forhold til kvar og ein av dei.<\/p>\n<p><!--more--><\/p>\n<p>Overjordisk vakkert fr\u00e5 Unni L\u00f8vlid<\/p>\n<h4>Emanuel Vigelands Mausoleum<\/h4>\n<p>Plata er sunge inn i ein av Oslos best bevarte l\u00f8yndomar: Emanuel Vigelands Mausoleum p\u00e5 Slemdal. Vigeland f\u00f8rte sj\u00f8lv opp bygningen i 1926, d\u00e5 med tanke p\u00e5 eit museum for m\u00e5leria og skulpturane sine, men fann seinare ut at bygget skulle tene som gravkammer. Alle vindauga blei mura att, og Vigeland si oske skulle kvile i ei urne over d\u00f8ra. Det dunkle rommet er dekt med freskar, og det 800 kvadratmeter store m\u00e5leriet &amp;quot;VITA&amp;quot; (livet) formidlar dramatiske scener fr\u00e5 f\u00f8dsel til d\u00f8d i eit menneskeliv. I tr\u00e5d med italienske f\u00f8rebilete kalla Emanuel Vigeland sitt bygg for tomba Emmanuelle. \u2013 Eg har dr\u00f8ymt om \u00e5 syngje i dette rommet i fleire \u00e5r, seier folkesongaren Unni L\u00f8vlid til Ballade.no har det skjedd. \u2013 Eg har valt musikk som krev tid, seier Unni L\u00f8vlid. Denne musikken treng rom og stille.<\/p>\n<h4>Unni L\u00f8vlid<\/h4>\n<p>Unni L\u00f8vlid er fr\u00e5 Hornindal i Sogn og Fjordane, og har lenge vore aktiv i folkemusikkmilj\u00f8et. Ho gjekk i l\u00e6re hj\u00e5 fleire kjelder i Hornindal, blant andre Marta Seljeset Fr\u00f8land. Etter Landskappleikens klassifiseringssystem er Unni \u00f2g A-klassing i folkemusikk, noko som la grunnlaget for studiar ved Norges Musikkh\u00f8gskole som blei avslutta med hovudfagsoppg\u00e5va &quot;Ein song etter&#8230;&quot;. Den breie musikalske bakgrunnen hennar inkluderar konsert- og turn\u00e9verksemd b\u00e5de i innland og utland, og ho har \u00f2g undervist ved fleire l\u00e6reinstitusjonar, blant anna Norges Musikkh\u00f8gskole, Ole Bull Akademiet og Statens Teaterh\u00f8gskole. Unni har motteke fleire prisar for arbeidet sitt med folkesong, og gav ut si f\u00f8rste soloplate So ro liten tull i 1999 p\u00e5 eige plateselskap, L\u00f8vlyd. Denne har \u00f2g komme i bokform p\u00e5 Lyche Musikkforlag. Ho medverka p\u00e5 Listen \u2013 the Art of Arne Nordheim, Aurora 2002, og p\u00e5 fleire utgjevingar av blant andre Honndalstausene, Frie former 2000, NRK\/ Radio France &#8211; produksjonar, og ulike plater av Karl Seglem. Unni er i tillegg til \u00e5 vere solo-artist kjend som medlem av trioane RUSK (Frode Haltli, Vegar V\u00e5rdal), og FJ\u00d8GL (Liv Merete Kroken, Sigrid Moldestad). Unni er ikkje redd for \u00e5 gjere det ho har tru p\u00e5, og ho medverkar stadig p\u00e5 nye arrangement og produksjonar. Ho er kjend for prosjekt innan samtidsmusikk s\u00e5 vel som folkemusikk, og i 2003 var ho med p\u00e5 \u00e5 urframf\u00f8re komponist Maja Ratkjes framsyning &quot;No Title Performance and Sparkling Water&quot; under Ultimafestivalen. P\u00e5 Ballades arrangement p\u00e5 Mono tidleg i 2004 stilte L\u00f8vlid i st\u00f8y-versjon saman med hornist og Fe-mailmedlem Hild Sofie Tafjord. Ein av eksamenskonsertane hennar ved musikkh\u00f8gskolen var ei framsyning av Arnold Sch\u00f6nbergs klassiske verk &quot;Pierrot Lunaire&quot; fr\u00e5 1912, med skulens samtidsensemble som backingband.<\/p>\n<h4>Helge Sten<\/h4>\n<p>Helge Sten er ein av ringrevane innanfor den norske st\u00f8ykunst-scenen som har vakse fram dei siste 10-15 \u00e5ra. Han var blant dei f\u00f8rste som studerte ved kunstakademiet og som brukte lyd som materiale. Sten tok eksamen ved akademiet i Trondheim i 1996. Under pseudonymet Deathprod har Helge Sten reindyrka sitt Audiovirus-konsept.<\/p>\n<p><\/p>","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>\u2013 Vokalmystikk i spennende rom. [VG]<\/p>\n","protected":false},"featured_media":27253,"comment_status":"closed","ping_status":"open","template":"","meta":[],"product_brand":[],"product_cat":[35],"product_tag":[],"class_list":{"0":"post-803","1":"product","2":"type-product","3":"status-publish","4":"has-post-thumbnail","6":"product_cat-heilo","7":"product_shipping_class-cddvd-shipping","8":"uni_artist_tag-trad","9":"uni_artist_tag-unni-lovlid","10":"uni_main_artist_tag-unni-lovlid","11":"uni_artist_genre-art-music","12":"uni_artist_genre-folk-music","13":"uni_artist_genre-traditional","14":"uni_artist_genre-vocal-music","16":"first","17":"instock","18":"taxable","19":"shipping-taxable","20":"purchasable","21":"product-type-simple"},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/grappa.no\/no\/wp-json\/wp\/v2\/product\/803","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/grappa.no\/no\/wp-json\/wp\/v2\/product"}],"about":[{"href":"https:\/\/grappa.no\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/product"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/grappa.no\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=803"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/grappa.no\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/27253"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/grappa.no\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=803"}],"wp:term":[{"taxonomy":"product_brand","embeddable":true,"href":"https:\/\/grappa.no\/no\/wp-json\/wp\/v2\/product_brand?post=803"},{"taxonomy":"product_cat","embeddable":true,"href":"https:\/\/grappa.no\/no\/wp-json\/wp\/v2\/product_cat?post=803"},{"taxonomy":"product_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/grappa.no\/no\/wp-json\/wp\/v2\/product_tag?post=803"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}