{"id":17604,"date":"2012-03-16T00:00:00","date_gmt":"2012-03-15T23:00:00","guid":{"rendered":"http:\/\/www.grappa.no\/no\/albums\/ukategorisert\/norske-turdansar-5-turdansar-fra-trondelag-2\/"},"modified":"2016-10-18T14:02:45","modified_gmt":"2016-10-18T13:02:45","slug":"norske-turdansar-5-turdansar-fra-trondelag","status":"publish","type":"product","link":"https:\/\/grappa.no\/no\/albums\/heilo\/norske-turdansar-5-turdansar-fra-trondelag\/","title":{"rendered":"Norske turdansar 5 \u2013 Turdansar fr\u00e5 Tr\u00f8ndelag"},"content":{"rendered":"<p><\/p>\n<p>Siste utgjeving i serien Norske turdansar<\/p>\n<p>I 1991 fullf\u00f8rde Noregs Ungdomslag sitt store revisjonsarbeid av Klara Semb sine b\u00f8ker om norsk folkedans. Denne plata er den femte og siste i ein serie med norsk turdansmusikk som er bygd b\u00e5de p\u00e5 dette arbeidet, p\u00e5 tilgjengeleg kjeldemateriale og p\u00e5 nyare forsking elles. P\u00e5 same m\u00e5ten som under revisjonen av dansane har vi g\u00e5tt direkte attende til kjeldene og det dei kan seie oss. Musikken er samla geogra\ufb01sk med ut\u00f8varar som har tilknyting til desse tradisjonane. M\u00e5lsettinga er \u00e5 gje folkedanslaga musikk til turdansane s\u00e5 n\u00e6r tradisjonen som praktisk mogleg. Anten dei vil bruke innspelingane direkte til dans, som mal for \u00e5 l\u00e6re typiske stiltrekk betre \u00e5 kjenne, eller berre \u00e5 lytte til. Serien dekker no heile landet og musikken til alle turdansane i b\u00f8kene \u201cNorske folkedansar, turdansar\u201d (NF-tu) av Klara Semb og \u201cDanse, danse lett ut p\u00e5 foten\u201d (DDL) av Egil Bakka. Innspelingane er meint som rein bruksmusikk og som eit bilete p\u00e5 korleis denne musikken vart spelt, b\u00e5de i stil, rytme og tempo.<\/p>\n<p>Desse platene er med i serien Norske Turdansar:<br \/>\n1. Kontradansar fr\u00e5 Austlandet<br \/>\n2. Turdansar fr\u00e5 Agder og Nord-Noreg<br \/>\n3. Turdansar fr\u00e5 Vestlandet<br \/>\n4. Turdansar fr\u00e5 Austlandet (dobbeltalbum)<br \/>\n5. Turdansar fr\u00e5 Tr\u00f8ndelag<\/p>\n<p><!--more--><\/p>\n<p>Komplett turdansserie! I desse dagar blir den femte og siste plata i serien Norske turdansar gitt ut.<br \/>\n&#8211; Denne serien vil vere eit viktig bidrag til at musikken og dansen lever vidare som lokal og nasjonal kulturarv, fortel Synn\u00f8ve J\u00f8rgensen, folkedansr\u00e5dgjevar i Noregs Ungdomslag.<\/p>\n<h4>Turdansen<\/h4>\n<p>Turdans er eit samleomgrep som femnar om mange dansetypar som kjem fr\u00e5 mange danseslekter. Eit fellestrekk er at dei ofte er bygd opp av delar som kjem i ei fast rekkef\u00f8lgje. Desse delane har ofte fast lengd og blir kalla turar.\u00a0Ril, pardansar og dei fleste andre turdansar har levd i folkelege milj\u00f8 og vore lite p\u00e5verka av danseskulane. I Noreg er det framfor alt Klara Semb som har arbeidd for turdansen. Tidleg p\u00e5 1900-talet reiste ho land og strand for \u00e5 skrive ned det spelemenn og dansarar framleis hugsa. Noregs Ungdomslag vidaref\u00f8rer med denne utgjevinga hennar store livsprosjekt.<br \/>\n\u2013 D\u00e5 Noregs Ungdomslag reviderte rettleiingsb\u00f8kene til Klara Semb, har vi ogs\u00e5 i arbeidet med musikken g\u00e5tt tilbake til kjelda og den lokale tradisjonen, fortel produsent og musikar Vegar V\u00e5rdal. Musikken er samla geografisk med ut\u00f8varar som har tilknyting til tradisjonen. Musikarar p\u00e5 siste CD-en er Einar Olav Larsen, Vegar V\u00e5rdal og fleire.<\/p>\n<h4>Om musikarane<\/h4>\n<p>Einar Olav fr\u00e5 Verdal er hovudut\u00f8varen p\u00e5 plata. Han kjem fr\u00e5 ein sterk folkemusikkfamilie der b\u00e5de faren Geir Egil og broren Gjermund er profesjonelle folkemusikarar. Han er utdanna ved bl.a. Ole Bull Akademiet p\u00e5 Voss og er i dag ein mykje brukt og allsidig folkemusikar som ogs\u00e5 har spelt mykje til dans. Einar Olav har tatt opp arven etter den kjende spelemannen Hilmar Alexandersen fr\u00e5 Steinkjer. Han har sin eigen trio og er m.a. med i P.A. R\u00f8stads orkester.<br \/>\nVegar er folkemusikar og dansepedagog av yrke og er utdanna ved Norges Musikkh\u00f8gskole. Han har lang r\u00f8ynsle i \u00e5 spele til dans, har bak seg ei rekkje plateinnspelingar, program p\u00e5 radio og fjernsyn, konsertar og turnear. Vegar er og mykje brukt som instrukt\u00f8r p\u00e5 kurs i spel og dans. Han har vore med p\u00e5 alle platene i denne serien, b\u00e5de som produsent og musikar.<\/p>\n<h4><\/h4>\n<\/p>\n<p><\/p>","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Turdansar fr\u00e5 Tr\u00f8ndelag!<\/p>\n","protected":false},"featured_media":27301,"comment_status":"closed","ping_status":"open","template":"","meta":[],"product_brand":[],"product_cat":[35],"product_tag":[],"class_list":{"0":"post-17604","1":"product","2":"type-product","3":"status-publish","4":"has-post-thumbnail","6":"product_cat-heilo","7":"product_shipping_class-cddvd-shipping","8":"uni_artist_tag-audun-larsen","9":"uni_artist_tag-brit-flatas","10":"uni_artist_tag-dag-stale-larsen","11":"uni_artist_tag-einar-larsen-trio","12":"uni_artist_tag-einar-olav-larsen","13":"uni_artist_tag-eivind-andre-flatas-ostnes","14":"uni_artist_tag-ellev-kristoffer-flatas-ostnes","15":"uni_artist_tag-geir-egil-larsen","16":"uni_artist_tag-hilde-sornaes","17":"uni_artist_tag-ingrid-hojem","18":"uni_artist_tag-ingrid-sten","19":"uni_artist_tag-ingvild-larsen","20":"uni_artist_tag-jenny-hofstad","21":"uni_artist_tag-peter-sigurd-snekkvik-tromsdal","22":"uni_artist_tag-sofie-larsen","23":"uni_artist_tag-torfinn-hofstad","24":"uni_artist_tag-trad","25":"uni_artist_tag-vegar-vardal","26":"uni_main_artist_tag-einar-olav-larsen","27":"uni_artist_genre-folk-music","28":"uni_artist_genre-traditional","30":"first","31":"instock","32":"taxable","33":"shipping-taxable","34":"purchasable","35":"product-type-simple"},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/grappa.no\/no\/wp-json\/wp\/v2\/product\/17604","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/grappa.no\/no\/wp-json\/wp\/v2\/product"}],"about":[{"href":"https:\/\/grappa.no\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/product"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/grappa.no\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=17604"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/grappa.no\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/27301"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/grappa.no\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=17604"}],"wp:term":[{"taxonomy":"product_brand","embeddable":true,"href":"https:\/\/grappa.no\/no\/wp-json\/wp\/v2\/product_brand?post=17604"},{"taxonomy":"product_cat","embeddable":true,"href":"https:\/\/grappa.no\/no\/wp-json\/wp\/v2\/product_cat?post=17604"},{"taxonomy":"product_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/grappa.no\/no\/wp-json\/wp\/v2\/product_tag?post=17604"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}