Einar Mjølsnes (f. 1952) er ein mykje påakta musikar og arrangør/komponist. Har tidlegare jobba som fylkesmusikar i Hordaland og ved Ole Bull Akademiet på Voss. Som komponist har han mellom anna skrive tingingsverket til Osafestivalen i 1998. Han er utdanna ved Veitvet Musikkonservatorium og Bergen Musikkonservatorium (no Griegakademiet). Einar Mjølsnes spelar i gruppa Gamaltnymalt saman med Sigrid Moldestad og Håkon Høgemo. Trioen vant Spelemannprisen 2005 i klassen folkemusikk/gammeldans for debutalbumet Gamaltnymalt. Sidan 2005 har han vore med i gruppa Tørvikbygd,…
Einar Mjølsnes (f. 1952) er ein mykje påakta musikar og arrangør/komponist. Har tidlegare jobba som fylkesmusikar i Hordaland og ved Ole Bull Akademiet på Voss. Som komponist har han mellom anna skrive tingingsverket til Osafestivalen i 1998. Han er utdanna ved Veitvet Musikkonservatorium og Bergen Musikkonservatorium (no Griegakademiet). Einar Mjølsnes spelar i gruppa Gamaltnymalt saman med Sigrid Moldestad og Håkon Høgemo. Trioen vant Spelemannprisen 2005 i klassen folkemusikk/gammeldans for debutalbumet Gamaltnymalt. Sidan 2005 har han vore med i gruppa Tørvikbygd, ein folkemusikktrio som spelar musikk frå Hardanger. Einar Mjølsnes har medverka på konsertar i ulike samanhengar, til dømes Vossa Jazz, Telemarkfest, Førde internernasjonale folkemusikkfestival, Vestfoldske Festspill og Osa-fest. Han har deltatt på ei rekkje innspillingar og festivalar og samarbeidd med artistar som Gabriel Fliflet, Ivar Kolve, Geir Botnen, Øystein Sunde, Kari Bremnes, Lars Klevstrand og Sondre Bratland.