Vis handlekurv «Systerspel – I utval med Benedicte Maurseth» er lagt til handlekurven din.

Vita – Unni Løvlid

TRAD. : O AT SKUE · JEG HAR SÅ LUN EN HYTTE · NÅR EG STÅR HER PÅ DEI HØGE NUTAR · DEN FYRSTE SONG · GLEMMER GUD SMAA RAVNEUNGER · SOV NO SMÅ BONNJ · SAA GLAD SOM JEG TIL SENGE GAA · LÆR MIG, O SKOV, AT VISNE GLAD · GUD FADER MIG SAmer…A UNDERLIG (GJENDINES BÅDNLÅT) · NU DAGENS LYS SIG SNIGER HEN · O VERDEN, HAV DA GODE NAT (MIN SJEL OG ÅND) · NED I VESTER SOLI GLADER · FRA ANDERS TIL KAREN

Unni Løvlid, vocal · Helge Sten, recording

– Vokalmystikk i spennende rom. [VG]

kr 139

Overjordisk vakkert frå Løvlid

VITA er ei vakker og sakral utgjeving som byggjer på stemma til Unni Løvlid, og på nærveret og intensiteten hennar. Innspelinga er gjort av Helge Sten i Emanuel Vigelands mausoleum, eit rom med fabelaktig akustikk, stemning og etterklang. – Eg har drøymt om å syngje i dette rommet i fleire år, seier folkesongaren til Ballade. – Eg har valt musikk som krev tid. Denne musikken treng rom og stille. 13 religiøse folketonar utgjer materialet på plata, og Unni har eit særskild forhold til kvar og ein av dei.

More

Overjordisk vakkert frå Unni Løvlid

Emanuel Vigelands Mausoleum

Plata er sunge inn i ein av Oslos best bevarte løyndomar: Emanuel Vigelands Mausoleum på Slemdal. Vigeland førte sjølv opp bygningen i 1926, då med tanke på eit museum for måleria og skulpturane sine, men fann seinare ut at bygget skulle tene som gravkammer. Alle vindauga blei mura att, og Vigeland si oske skulle kvile i ei urne over døra. Det dunkle rommet er dekt med freskar, og det 800 kvadratmeter store måleriet "VITA" (livet) formidlar dramatiske scener frå fødsel til død i eit menneskeliv. I tråd med italienske førebilete kalla Emanuel Vigeland sitt bygg for tomba Emmanuelle. – Eg har drøymt om å syngje i dette rommet i fleire år, seier folkesongaren Unni Løvlid til Ballade.no har det skjedd. – Eg har valt musikk som krev tid, seier Unni Løvlid. Denne musikken treng rom og stille.

Unni Løvlid

Unni Løvlid er frå Hornindal i Sogn og Fjordane, og har lenge vore aktiv i folkemusikkmiljøet. Ho gjekk i lære hjå fleire kjelder i Hornindal, blant andre Marta Seljeset Frøland. Etter Landskappleikens klassifiseringssystem er Unni òg A-klassing i folkemusikk, noko som la grunnlaget for studiar ved Norges Musikkhøgskole som blei avslutta med hovudfagsoppgåva "Ein song etter…". Den breie musikalske bakgrunnen hennar inkluderar konsert- og turnéverksemd både i innland og utland, og ho har òg undervist ved fleire læreinstitusjonar, blant anna Norges Musikkhøgskole, Ole Bull Akademiet og Statens Teaterhøgskole. Unni har motteke fleire prisar for arbeidet sitt med folkesong, og gav ut si første soloplate So ro liten tull i 1999 på eige plateselskap, Løvlyd. Denne har òg komme i bokform på Lyche Musikkforlag. Ho medverka på Listen – the Art of Arne Nordheim, Aurora 2002, og på fleire utgjevingar av blant andre Honndalstausene, Frie former 2000, NRK/ Radio France – produksjonar, og ulike plater av Karl Seglem. Unni er i tillegg til å vere solo-artist kjend som medlem av trioane RUSK (Frode Haltli, Vegar Vårdal), og FJØGL (Liv Merete Kroken, Sigrid Moldestad). Unni er ikkje redd for å gjere det ho har tru på, og ho medverkar stadig på nye arrangement og produksjonar. Ho er kjend for prosjekt innan samtidsmusikk så vel som folkemusikk, og i 2003 var ho med på å urframføre komponist Maja Ratkjes framsyning "No Title Performance and Sparkling Water" under Ultimafestivalen. På Ballades arrangement på Mono tidleg i 2004 stilte Løvlid i støy-versjon saman med hornist og Fe-mailmedlem Hild Sofie Tafjord. Ein av eksamenskonsertane hennar ved musikkhøgskolen var ei framsyning av Arnold Schönbergs klassiske verk "Pierrot Lunaire" frå 1912, med skulens samtidsensemble som backingband.

Helge Sten

Helge Sten er ein av ringrevane innanfor den norske støykunst-scenen som har vakse fram dei siste 10-15 åra. Han var blant dei første som studerte ved kunstakademiet og som brukte lyd som materiale. Sten tok eksamen ved akademiet i Trondheim i 1996. Under pseudonymet Deathprod har Helge Sten reindyrka sitt Audiovirus-konsept.

Trad. |Unni Løvlid

Utgivelsesdato:

EAN : 7033662071975

Katalognummer: HCD7197

Priskategori : CD