Vis handlekurv «Hjemve – Slåttetralling fra Folldal» er lagt til handlekurven din.

Seven Winds – Rolf-Erik Nystrøm

SEVEN WINDS : Sju vindar · Eg stoggar under den gamle eiki ein regnvêrsdag / Lat snø og vinter falla · Eg lyt finna på noko gale · Kor lenge har du sove · Det er den draumen · Vegar · Isen gjeng upp · Me sigler ikkje same havet · Einmer… havmåse · I dag og imorgon / Dette lyt du bera · Kirsebærtreet · Elvi burtanum fjorden (All lyrics: Olav H. Hauge)

Unni Løvlid · Becaye Aw · Rolf-Erik Nystrøm

– Olav H. Hauges dikt har på utmerket vis fått et eget og internasjonalt tonespråk. [5 / Svein Andersen / Aftenposten]

kr 139

Spennande tonesetjing av Olav H. Hauge

De i tre anerkjente musikarane vart i 2008 spurt av Dei Nynorske Festspela om å lage eit bestillingsverk basert på tekstar av Olav H. Hauge. Det resulterte i tonesetjing av fleire av dikta hans, der dei vert framheva i alt frå funk, ballade, vise, jazz, folk, ny musikk; rett og slett det som Seven Winds føler passar dei forskjellige dikta best. Musikken er eit resultat av dei tre ulike musikarane sine ulike musikalske ståstadar, evna deira til å ta opp i seg nye uttrykk, intens turnèverksemd og deira ynskje om å få låtane og plata til å vere så tru mot Hauge sine dikt, sett frå Seven Winds sin ståstad, som overhodet mogleg.

More

Seven Winds i alle retningar! Spennande tonesetjing av Olav H. Hauge.

Bestillingsverk

De i tre anerkjente musikarane vart i 2008 spurt av Dei Nynorske Festspela om å lage eit bestillingsverk basert på tekstar av Olav H. Hauge. Det resulterte i tonesetjing av fleire av dikta hans, der dei vert framheva i alt frå funk, ballade, vise, jazz, folk, ny musikk; rett og slett det som Seven Winds føler passar dei forskjellige dikta best. Musikken er eit resultat av dei tre ulike musikarane sine ulike musikalske ståstadar, evna deira til å ta opp i seg nye uttrykk, intens turnèverksemd og deira ynskje om å få låtane og plata til å vere så tru mot Hauge sine dikt, sett frå Seven Winds sin ståstad, som overhodet mogleg.

Internasjonal Hauge

Sidan juni 2008 har Seven Winds heldt meir enn 40 konsertar i alt frå klubbar til konserthus, slum og palass, universitet og skuler i India, Tanzania, Kina, Korea, Nepal, Sri Lanka og Norge. Dei har samarbeidd med musikarar og diktarar frå m.a. Zanzibar, Beijing, Seoul, Kunming, Kathmandu, Colombo, Shanghai, Hanzhou, Xi’an, Lanzhou, Bhopal og Delhi, og framført tekstane til Hauge på nynorsk, kinesisk, fransk, fulani, hindi, swahili og koreansk. Coveret speglar dette ved at du finn eit utval av Hauge sine tekstar oversatt til 16 ulike språk.

Becaye Aw |Rolf-Erik Nystrøm |Unni Løvlid

Utgivelsesdato:

EAN : 7033662072477

Katalognummer: HCD7247

Priskategori : CD