Vis handlekurv «Tidløse toner» er lagt til handlekurven din.
  • HCD7297.jpg
  • einarM.jpg
  • HCD7297_inlay_oppdatert.jpg

Einar Mjølsnes: Slåttar etter Anders Sagen – Einar Mjølsnes

EINAR MJØLSNES: Fyrespel · Etterspel · TRAD ETTER ANDERS SAGEN : Eldgamal springar · Gudvangen · Springar · Hatletusken, springar · Hev du´kje hoppa · Mjuken, springar · Halling · Springar · Springar · Muraren, halling · Basenmer…, springar · Trollspringaren · Gamal halling · Byggjar- Jens · Eldgamal brureslått · Springar · Huldreslått, rull · Stegaslåtten, springar · Rotnheims-Knut, halling · Springar · Gamal Brureslått

Einar Mjølsnes, Hardanger fiddle

«Eg har inntrykk av at Sagen tok vare på slåttane slik han hadde lært dei, og soleis er det gamle slåtteformer han representerer.»

kr 139

Sjanger: Folk Music

Einar Mjølsnes etter Anders Sagen

På eit nytt album har musikar og komponist Einar Mjølsnes (hardingfele) fra Voss samla alle de 21 slåttane etter Anders Sagen som finnes nedteikna. Mjølsnes åpnar og avsluttar albumet med eigne komposisjonar, som er inspirerte av og kommenter slåttane etter Sagen.

Mjølsnes kom for fleire år sidan over slåttane etter spelemannen Anders Sagen frå Berge i Kyrkjebø i Sogn då han bladde i ”Hardingfeleverket” (Norsk folkemusikk, serie I: Hardingfeleslåttar, Universitetsforlaget Oslo). Ein slått i eit uvanleg felestille fanga hans oppmerksemd. «Eg merka meg og at slåtten kunne attendeførast til Anders Haga, Gamlehagen, frå Voss. Dette var mitt tradisjonsområde, so den slåtten måtte eg læra meg.» skriv Mjølsnes i omslagsteksten til denne utgjevinga. Slåtten var ”Eldgamal springar” etter Anders Sagen, nedskriven av Arne Bjørndal.

Det finnast til saman 21 slåttar, og notane er å finna i Arne Bjørndals samling i Bergen. 19 av dei er kome med i «hardingfeleverket».

«Eg fann at det var ein heil del slåttar etter Anders Sagen, mange av dei tradert etter «Gamlehagen», og på mange ulike felestiller.» Sagen lærde dei fleste av slåttane av Rognald Berge frå Kyrkjebø i Sogn. Berge hadde lært av «Gamlehagen». «Eg har inntrykk av at Sagen tok vare på slåttane slik han hadde lært dei, og soleis er det gamle slåtteformer han representerer.»

I sin periode som fylkesmusikar i Hordaland fekk Einar Mjølsnes høve til å arbeida med slåttane med tanke på å lydfesta dei, og dette albumet er resultatet av fleire års fordjupning i materialet.

More

På eit nytt album har musikar og komponist Einar Mjølsnes (hardingfele) fra Voss samla alle de 21 slåttane etter Anders Sagen som finnes nedteikna. Mjølsnes åpnar og avsluttar albumet med eigne komposisjonar, som er inspirerte av og kommenter slåttane etter Sagen.

Anders Sagen

«Eg fann at det var ein heil del slåttar etter Anders Sagen, mange av dei tradert etter «Gamlehagen», og på mange ulike felestiller.» Sagen lærde dei fleste av slåttane av Rognald Berge frå Kyrkjebø i Sogn. Berge hadde lært av «Gamlehagen». «Eg har inntrykk av at Sagen tok vare på slåttane slik han hadde lært dei, og soleis er det gamle slåtteformer han representerer.»

Sagen var fødd på Berge i Kyrkjebø i 1829 som son av Gjøa Nilsdotter Berge (1800-1883) og Haavard Jørgenson Lokreim (1800-1848) frå Valdres (som var ein dugande spelemann). Anders var «lausingbarn», og mora gifta seg seinare med Lars Øvreberge (f. 1805). Då spela Anders i brudlaupet.
Anders Sagen tok til å spela i 11-års alderen. Læremeisteren var Rognald Berge (1797-1885) , og seinare lærde han av Jens Fresvik (1817-1886) også kjend som Jens Høgheim og «Skrangle-Jens». Sagen skal ha spelt i opp mot 100 brudlaup, så han var ein svært attraktiv spelemann. Han nytta for det meste ei fele av Anders Heldal (1811-1897).
Arne Bjørndal vitja Sagen ved fleire høve, og slåttenedskrifta er frå 1916 og 1917.

I sin periode som fylkesmusikar i Hordaland fekk Einar Mjølsnes høve til å arbeida med slåttane med tanke på å lydfesta dei, og dette albumet er resultatet av fleire års fordjupning i materialet.

Einar Mjølsnes

Einar Mjølsnes (f. 1952) er ein mykje påakta musikar og arrangør/komponist. Har tidlegare jobba som fylkesmusikar i Hordaland og ved Ole Bull Akademiet på Voss. Som komponist har han mellom anna skrive tingingsverket til Osafestivalen i 1998. Han er utdanna ved Veitvet Musikkonservatorium og Bergen Musikkonservatorium (no Griegakademiet).
Einar Mjølsnes spelar i gruppa Gamaltnymalt saman med Sigrid Moldestad og Håkon Høgemo. Trioen vant Spelemannprisen 2005 i klassen folkemusikk/gammeldans for debutalbumet Gamaltnymalt. Sidan 2005 har han vore med i gruppa Tørvikbygd, ein folkemusikktrio som spelar musikk frå Hardanger. Einar Mjølsnes har medverka på konsertar i ulike samanhengar, til dømes Vossa Jazz, Telemarkfest, Førde internernasjonale folkemusikkfestival, Vestfoldske Festspill og Osa-fest. Han har deltatt på ei rekkje innspillingar og festivalar og samarbeidd med artistar som Gabriel Fliflet, Ivar Kolve, Geir Botnen, Øystein Sunde, Kari Bremnes, Lars Klevstrand og Sondre Bratland.

Arne Anderdal |Einar Mjølsnes |Trad etter Anders Sagen

Utgivelsesdato:

EAN : 7033662072972

Katalognummer: HCD7297

Priskategori : CD