Vis handlekurv «Catch the Flu (URverk 8)» er lagt til handlekurven din.

Inger Lise Stulien – Berre Deg – Inger Lise Stulien

INGER LISE STULIEN: Måne i det blå · Minnebok · Sommar · Solstråle av gull · KNUT K. MØEN: Eit haldepunkt · Berre deg · Nytt liv · Fri · Vegen · Spor ·mer… Fortid

Inger Lise Stulien · Bjørn Ole Rasch · Knut K. Møen · Per Hillestad · Per Elias Drabløs · Sebastian Gruchot · Trond Arntzen · Alf Trygve Winge · Vidar Bø · Arthur Stulien · Dag Erik Oksvold · Hilde Nordbakken · Annbjørg Lien · Grethe Stulien Lauen · Øystein Lauen · Thom Hell · Trygve Skaug · Stein Roger Sordal

På tittelsporet «Berre deg» går Inger Lise i duett med Thom Hell. Andre duettpartnarar på albumet er Trygve Skaug og Stein Roger Sordal.

kr 139

Sjanger: CountryFolkpop

Inger Lise Stulien – Berre deg

Song og tradisjon er sentralt i Inger Lise Stulien sitt liv. Ho skapar nærleik og kjærleik i songane ved å syngje på dialekt og nynorsk, målforma som ligg hennar hjarte nerast. No er ho klar med sitt nye album; Berre deg.

”Berre deg” inneheld songar der alle tekstene er skrive av Inger Lise sjølv. Melodiane er komponerte av Inger Lise og hennar faste gitarist gjennom 12 år, Knut Kjetil Møen. Det musikalske landskapet på Inger Lise sitt album ligg i countrysjangaren, med innslag av countryrock, folk, roots, vise, pop og er folkeleg.

Inger Lise let seg inspirera av årstidene, og denne gongen av våren. Det kjem tydeleg fram i tekstene ho skriv. Fleire av tekstene har sitt utspring frå eige levd liv. Medan andre tekster baserer seg på erfaringar som vener og kjende deler med henne, på godt og vondt. På tittellåten «Berre deg» går Inger Lise i duett med Thom Hell. Andre duettpartnarar på albumet er Trygve Skaug og Stein Roger Sordal.

More

Song og tradisjon er sentralt i Inger Lise Stulien sitt liv. Ho skapar nærleik og kjærleik i songane ved å syngje på dialekt og nynorsk, målforma som ligg hennar hjarte nerast. No er ho klar med sitt nye album; Berre deg.

Inspirasjon

Inger Lise let seg inspirera av årstidene, og denne gongen av våren. Det kjem tydeleg fram i tekstene ho skriv. Fleire av tekstene har sitt utspring frå eige levd liv. Medan andre tekster baserer seg på erfaringar som vener og kjende deler med henne, på godt og vondt. Songane spenner frå å vere lettstemte og glade til melankolske, vakre kjærleikssongar. For andre av låtene er tema sorg, sakn, smerte og vemod. Både tekster og melodiar har ei varm undertone der takksemd og gleda står sentralt.
Songane speglar såvel dei gode som dei såre kontrastane vi kan kjenne på. På tittellåten «Berre deg» går Inger Lise i duett med Thom Hell. Andre duettpartnarar på albumet er Trygve Skaug og Stein Roger Sordal. Produksjonen er innspelt i Kongshavn Studio, med Bjørn Ole Rasch som produsent og arrangør. Innspelinga byrja i fjor vår, og er klar for utgjeving denne våren.

Hyllest til barndomen

Inger Lise Stulien er i frå bygda Byremo i Audnedal kommune, Vest Agder fylke,men no busett i nedre Setesdal. Inger Lise har fått «Målblomen» av Noregs Mållag, for hennar formidling av den nynorske songkulturen. Songen har alltid vore ein viktig del av hennar liv. Fyrste gong ho song på Sørlandssendinga var ho berre fire år gamal. Ho er yngst av ein syskenflokk på åtte, der far hennar spelte trekkspel og ho og syskena var med rundt og underheldt med han på ulike tilstelningar. Far hennar på over 90 år, er no med henne og gjer ein trekkspelsolo på ein song ho har skrive som
ein hyllest til hennar gode barndom.

Inger Lise Stulien

Musikken har følgd henne heile livet. Ho er utdanna lærar og nyttar musikken aktivt i undervisninga. Ho gjer mykje konsertar særleg rundt på Sørlandet, men har og hatt konsertar på Svalbard og i Kirkenes med ulike konsept. Ho har turnert og opptredd saman med fleire andre artistar som bla. Bjøro Håland, Stella Parton, John Brack, Kirsten Bråten Berg, Kim Andrè Rysstad, Torstein Sødal og Jan Engervik. Ho har gjort fleire duettar som er utgjeve på tidlegare plater bl.a med Olav Stedje og Sveinung Hølmebakk (Nordic Tenors), samt har ho gjort ei innspeling saman med Alexander Rybak på fele. Stulien gjorde ein duett saman med Bobby Bare under Breim countrytreff på hovudscenen der, for å nemna noko. ”Berre deg” er det fjerde soloalbumet til Inger Lise, utgjeve av eit plateselskap. Ho har i tillegg fleire utgjevingar bak seg frå eigne distribueringar. Ho har oppnådd både A- og B listing av tidlegare songar på NRK P1. Ho har fått terningkast fem av fleire riksdekkjande aviser for plata ”Heim te jol”, utgjeve i 2011.

Alf Trygve Winge |Annbjørg Lien |Arthur Stulien |Bjørn Ole Rasch |Dag Erik Oksvold |Grethe Stulien Lauen |Hilde Nordbakken |Inger Lise Stulien |Knut K. Møen |Øystein Lauen |Per Elias Drabløs |Per Hillestad |Sebastian Gruchot |Stein Roger Sordal |Thom Hell |Trond Arntzen |Trygve Skaug |Vidar Bø

Utgivelsesdato:

EAN : 7033662044870

Katalognummer: GRCD4487

Priskategori : CD

Link til booklet : nedlasting